Må vere frivillig
Ordførar i Sola, Håkon Rege frå Høgre, meiner samanslåing av kommunar må vere frivillig. At Stortinget skal kunne vedta samanslåing mot viljen til ein kommune er ikkje demokratisk, seier Rege.
Barske Erna
- Vår leder, Erna (Solberg), har vore nokså barsk og tydeleg i arbeidet for kommunesamanslåing, seier ordførar i Sandnes, Jostein Rovik frå Høgre. Men dette punktet vert det debatt om på landsmøtet seier Rovik. I programforslaget står det også mykje om lokale initiativ i samanslåingsprosessar. Rovik trur difor at det endelege partiprogrammet vert meir positivt sett frå Sandnes.
Ein mot to
På Nord-Jæren er det tre ordførarar frå Høgre i Stavanger, Sandnes og Sola. Berre Stavanger-ordføraren vil ha kommunesamanslåing. Ordførar i Sola, Håkon Rege, seier han kan stå opp imot både Stavangerordføraren og partileiinga i denne saka.