Hopp til innhold

Høgre kan kapra ordførarkjedet i Karmøy

Høgre er den store valvinnaren i Karmøy. Det går dermed mot den første kvinnelege ordføraren på «KrF-øya».

Aase Simonsen

Aase Simonsen (H) trur ho blir ny ordførar på Karmøy etter at partiet hennar Høgre har gjort eit kjempeval på øya.

Når dei fleste av stemmene er talte opp i Karmøy, har Høgre gått fram med over 10 prosentpoeng samanlikna med kommunevalet i 2007.

Partiet får ein oppslutnad på nesten 26 prosent og får dermed auka talet på mandatar i kommunestyret med heile sju representantar.

Les også: – Jeg tror ikke det er sant

– Eg trur eg blir den nye ordføraren

Sitjande ordførar, Kjell Arvid Svendsen (KrF), gir seg som ordførar på Karmøy. Dermed ligg alt til rette for at Høgre sin ordførarkandidat, Aase Simonsen, tar over ordførarstolen dei neste fire åra.

– Dette er fantastisk flott og over all forventning, seier Simonsen til NRK.

– Blir du Karmøy sin første kvinnelege ordførar?

Ja, det trur eg faktisk resultatet blir. Me har all grunn til å vera optimistar, seier ei strålande blid Simonsen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Høgre kan kapra ordførarkjedet i Karmøy

Høgre kan kapra ordførarkjedet i Karmøy.

Les også: Resultater fra rogalandskommunene

Godt Ap-val

Arbeidarpartiet gjer også eit godt val på Karmøy, og går fram med tre prosentpoeng frå sist lokalval (får ein oppslutnad på nesten 24 prosent).

Det er dermed heller ikkje utenkeleg at ordførarkandidat for Ap, Jarle Nilsen, stikk av med ordførarkjedet.

– Me er fornøgde med resultatet. Me går opp frå forrige val, noko som viser at me har støtte frå karmøybuen.

– Blir det Høgre som får ordføraren?

– Me har sagt heile tida at Aase Simonsen og Høgre får ei nøkkelrolle. Det kjem dei også til å få i løpet av forhandlingane i kveld, så får me sjå kva som blir det endelege resultatet, seier Nilsen.

Elles ser det ut til at Høgre har «stole» mange veljarar frå Framstegspartiet. Frp går tilbake med heile 12 prosentpoeng i Karmøy, samanlikna med valet i 2007.

Partiet er likevel blant dei største partia på øya, og får ein oppslutnad på over 23 prosent.