Hopp til innhold

Hoggorm-ekspert om video: – Dei som filma dette er utruleg heldige

Nina O. Levang kom tilfeldig over eit sjeldan syn då ho var ute på tur.

To hoggormar tvinna rundt kvarandre

Her tvinnar to hoggormar seg saman i noko som liknar på ein dans, men som eigentleg er noko heilt anna.

– Eg har sett mykje hoggorm, men dette har eg ikkje opplevd før. Det var ei fantastisk naturoppleving, seier Nina O. Levang.

Tysdag var ho ute på tur med hundane sine på Melshei i Sandnes. Plutseleg blei den eine hunden interessert i noko som føregjekk i graset.

– Så ser eg plutseleg at det spreller bak eit tre. Det var to hoggormar, som tvinna seg rundt kvarandre, fortel den turglade dama.

Ho fekk fram mobilen, og filma i nesten eit heilt minutt.

– Gud så kult det var, seier ho i etterkant.

Ingen paringsdans

Videoen sende ho til NRK, som sende han vidare til førsteamanuensis Dag Dolmen ved NTNU Vitenskapsmuseet i Trondheim. Sidan 2015 har han vore engasjert i eit forskingsprosjekt på hoggorm.

Han blir entusiastisk når han får sjå videoen.

Dag dolmen forsker på amfibier, her undersøkerhan livet i Bjølstaddammen i Fredrikstad

Dag Dolmen har vore engasjert i eit hoggormprosjekt sidan 2015.

Foto: Anne Ognedal / NRK

– Sjølv om eg har forska på hoggorm lenge nå, har eg ennå ikkje fått sett dette med mine eigne auge. Dei som har filma det er utruleg heldige.

– Men kva er det eigentleg som skjer? Er det ein paringsdans?

– Nei, dette er to hannar som slåst. Det ligg nok ei ho like ved, som har utsikt til slåstkampen. Vinnaren får lov å para seg med hoa, forklarar Dolmen.

Vidare forklarer han at det handlar om å få lagt den andre ned i bakken. Det er derfor du kan sjå at dei to beilarane prøver å reisa seg opp med hovudet. Den som står oppreist er vinnaren.

Taparen må trekka vekk frå området der hoa ligg. Men han får nye sjansar til å para seg seinare i sommar.

Har nett kome ut

I hoggorm-prosjektet dei har gåande på NTNU har dei merka meir enn 150 hoggormar, og dei har sett radiosendar på fleire. Dei vil finna ut meir om når hoggormen vaknar, når han går i dvale, kvar han beveger seg og kor langt.

– På Vestlandet, der dette skjedde, har nok hannane vore ute sidan påsketider, medan hoene truleg nett har kome ut av hiet, seier han.

Han kan også fortelja at sjølv om vinnaren av slåstkampen får para seg med den godt skjulte hoa, så kan det hende at hoa kjem til å para seg med andre hannar også i sommar.

– Når hoa føder kan det vera ulike fedrar til dei ulike ungane, seier han.

Eit hoggorm-kull kan vera frå ein til tjue ungar.

– Skulle vore der lengre

Når Levang får høyra kva ho eigentleg var vitne til, skulle ho ønska ho var der lengre.

– Eg trudde det var ein paringsdans, og ville gi dei litt fred. Men om eg visste det var ein kamp hadde eg nok blitt lengre, seier ho.