Fleire tunnelar på Haukeli har høgdegrense på 4 meter. Foto: Kurt Inge Dale
Lågare fartsgrense, betre merking og fleire skilt skal få høge vogntog trygt over Haukeli. Før jul aksjonerte Vegvesenet for å hindre systematiske brot på høgdegrensene i dei låge Haukelitunnelane. Resultatet vart lange omvegar og kritikk frå transportnæringa og politikarar.
Høge vogntog berre om natta
Høgdegrensa på 4,10 meter gjeld berre om nettene, frå klokka 22.00 til klokka 06.00. Bakgrunnen er at trafikken på denne tida av døgnet er liten. Det vegvesenet fryktar er at høge vogntog køyrer inn mot midten av tunnelane og kolliderar med motgåande køyretøy.
Utbetringar i løpet av året
Parallellt med nattekøyring for høge vogntog startar Vegvesenet arbeidet med å utbetre dei lågaste partia. Meininga er at vogntog som er inntil 4,10 meter kan køyre over Haukeli heile døgnet innan utgangen av året. På lengre sikt startar vegvesenet planarbeid med sikte på å få endå større høgde for tungtrafikken over Haukeli.