– Å få henge det ut er husmorlukke

Straumprisane gjer at det er på tide å hente tørkesnora opp frå gløymeboka, trur Tonje Nærland Kloster.

Tre små ungar. Barnehage, fotball og drill. Fjøs og gard. Kloster må køyre vaskemaskina mange gongar på ei veke – uansett straumpris.

– Å få henge det ut er husmorlukke. Det er ein god ting, og i alle fall i desse dagar. Då er eg glad for at eg har lært det av mor!

Ho trur tørking på klessnor er gått i gløymeboka for mange. Men på garden på Jæren er klesklyper framleis på moten og godt brukte.

Det er ikkje berre straumprisane som gjer at Kloster likar å henge ut vasken sin.

– Dei vert jo litt rettare når dei blafrar i vinden. Eg slepp å stryke kjolar, til dømes, og det er jo flott. Det er ikkje det eg gjer mest, å stryke og slikt.

Anne Jorunn Frøyen er konservator på Jærmuseet og har skrive om nettopp klesvask – om maskinene ein hadde for hundre år sidan då, ikkje tørketromlar.

Ho er einig i at klessnorene kringom støvar meir ned enn dei er i bruk, trass i at nordmenn køyrer vaskemaskina stadig.

– Vi har meir klede enn før og vi vaskar oftare. Mange vaskar kvar dag. Ungar og trening og hist og her, det er ein stor jobb, seier ho.

– Skal ein tørke ute, må ein jo vere på alerten heile tida.

At kvinner er meir på jobb utanfor huset, betyr at dei har mindre tid til å passe klesvasken for regn eller gjødsellukt, om naboen skulle byrja med det utan førevarsel.

Og gjødsellukt i tunet er jo ikkje noko uvanleg når ein bur på gard. Om naboen tek til å spreie skit får Kloster fort ein telefon om å ta inn klesvasken sin.

– Gjødsellukt i rein vask vil du ikkje ha noko av, seier ho.

– Eg toler mykje gjødsellukt ute, men ikkje akkurat i lakenet, seier Kloster og ler.

Kloster var heldig i dag. Vind, sol og ingen skitlukt. Vasken er tørr og fin utan at ho har måtte betale straumen for å køyre tørketrommelen.

Kanskje du vil hengje kleda ute i dag? So sant naboen ikkje gjødslar, då ...

Fotojournalist

Øystein Otterdal
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal