NRK Meny
Normal

Vil auke eigedomsskatten i Stavanger

Fleirtalspartia i Stavanger vil auke eigedomsskatt for å minske kutta i skulen. Sal av eigedom skal også sikre kommunen større inntekter.

Budsjett i Stavanger

Fleirtalspartia la i dag fram sitt forslag til budsjett i Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Frå neste år blir det høgare eigedomsskatt i Stavanger. Det blei klart då politikarane la fram sitt budsjettforslag i dag.

Kommunen vil då få inn 90 millionar kroner meir. Pengane vil gjera det mogleg å kutte mindre i skulen og levekår, enn det rådmannen føreslo.

Den auka eigedomsskatten vil utgjera 680 kroner meir i året om du eig ein leilegheit på 120 kvadratmeter.

– Det var vemodig å auke skatten, men eit betre tenestetilbod trumfer eigedomsskatten, seier Per A. Torbjørnsen i Venstre.

Legg ikkje ned sjukeheimar

Fleirtalspartia vil heller ikkje legge ned sjukeheimane Vålandstundet og Mosheim, slik rådmannen føreslo.

– Det å kvitte seg med 80 sjukeheimsplassar meir eller mindre over natta, trur me vil fått store konsekvensar. Det ville vore negativt både for brukarane og pårørande, og hadde blitt ein enorm belastning for heimesjukepleien, seier Torbjørnsen.

Per A. Torbjørnsen

Per A. Torbjørnsen er representant for Venstre.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Han fortel vidare at politikarane har lova å halde oppe desse plassane fram til nye Lervig sjukeheim står klar.

Kutta i heimebaserte tenester blir derimot ståande.

Vil selje kommunal eigedom

For å få inn meir pengar på kommunebudsjettet føreslår politikarane å selje Norges bank-bygget og utanriksterminalen.

– Det gjorde vondt å seie at me skal selje Norges bank-bygget. Eg møter meg sjølv i døra, og det gjer Venstre og det politiske fleirtalet og, innrømmer Torbjørnsen.

Men han meiner likevel at salet er naudsynt fordi rehabiliteringa av bygget ville ha kosta for mykje.

– Me måtte ha lagt inn ein plass mellom 100-150 millionar om me skulle ha fått det rehabilitert til ein god nok standard. Dei pengane ligg ikkje rådmannens budsjett, og dei ligg heller ikkje her. Byggets framtid ville ha vore usedvanleg uklar, difor valde me å selje.