Hopp til innhold

Hodne: – Eg skal kjempe vidare

Aktor ber om at frisør Merete Hodne får 10.000 kroner i bot, slik som ho blei dømd til i tingretten. Sjølv meiner ho at hijab er eit politisk klesplagg.

Merete Hodne

I dag starta ankesaka mot Merete Hodne. Ho blei i tingretten dømt til å betala ei bot på 10.000 kroner for religiøs diskriminering, men anka saka til lagmannsretten. (Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix)

– Eg skal kjempe vidare, det er ikkje noko anna å gjere. Eg skal kjempa for sanninga, seier Merete Hodne, då me spør kva ho ska gjere om ho blir dømt nå igjen.

Aktor Asbjørn Eritsland ber om at Hodne får bot på 10.000 kroner, slik som ho blei dømd til i tingretten. Subsidiært 20 dagar i fengsel, dersom ho ikkje betalar bota.

Frisør Hodne erkjente som venta ikkje straffskuld då ankesaka tok til i Gulating lagmannsrett tysdag føremiddag. I staden kom ho med krass kritikk av tiltalen mot henne.

– Tiltalen er eit overgrep mot meg. Eg trudde eg hadde lov å ha personlege politiske meiningar, sa ho.

Hodne blei dømd for religiøs diskriminering i tingretten fordi ho nekta Malika Bayan tilgjenge til frisørsalongen hennar, fordi ho hadde på seg hijab, men ho anka dommen.

I forklaringa si tysdag sa ho at alle som har på seg ein hijab er potensielle «muhammedanarar» for henne. Ho held fast på at hijab for henne eit totalitært politisk symbol.

– Ein hijab er det same som eit IS-flag, sa ho.

Malika Bayan sat ikkje i salen då Hodne forklarte seg, men kom inn seinare.

Malika Bayan

Malika Bayan står fast på at hijab er eit religiøst symbol for henne og at det er diskriminering å nekta ho tilgang til frisørsalongen.

Foto: Erik Waage / NRK

– Dei kan ikkje leggja ord i munnen på oss

– Eg kunne aldri gått med hijab av politiske grunnar, så interessert i politikk er eg ikkje. For meg er hijab eit hundre prosent religiøst plagg, seier Malika Bayan til NRK før ho går inn i rettslokala.

Ho seier at ho er nervøs, men at ho forventar at lagmannsretten skal koma til same konklusjon som tingretten. At Hodne blir dømt.

– Om Hodne blir frikjent vil det vera trist. Det opnar i så fall dørene for andre som delar meiningane hennar.

– Kva tenker du om at forsvaret skal føra bevis for at hijab er eit politisk plagg?

– Det er feil. Dei tek stemma frå oss muslimske kvinner. Det er me som kan seia kvifor me går med hijab, ikkje dei. Dei kan ikkje leggja ord i munnen på oss.

– Rein løgn

Advokaten til Hodne, Linda Ellefsen Eide, seier at den viktigaste oppgåva deira i dag blir å få fram meininga deira om at Hijab ikkje er eit religiøst plagg, men eit politisk plagg.

– Me har mykje dokumentasjon på dette, i tillegg har me tre vitne som vil beskriva at plagget har veldig stor tyngde i det islamske miljøet, seier Ellefsen Eide.

Dei har også ført eit fjerde vitne som skal ha overhøyrt at Malika Bayan blei instruert til å oppsøka nettopp Comeback frisør på Bryne. At dette altså var ein aksjon.

– Dette vitne har me med som eit straffeutmålingsmoment dersom Hodne blir dømt, seier Ellefsen Eide.

Vitne forklarte at Bayan stod ved togstasjonen på Bryne saman med fem andre personar. Han meiner at dei stod der og planla aksjonen.

Malika Bayan seier at dette er rein skjær løgn.

– Han sat og sa ting om meg som ikkje er sant. Det er frekt at han kjem her i retten og framstiller meg som ein løgnar, seier Bayan.

Ho legg til at ho heller aldri var der som vitne meiner å ha sett henne.

– Eg kom med bil frå andre sida av Bryne, seier ho.

Då aktor Asbjørn Eritsland skulle koma med sin påstand på slutten av dagen, kom han med same påstand som dommen i tingretten: 10.000 kroner i bot for religiøs diskriminering.

50–50

NRK snakka med Hodne før saka kom opp i dag. Då sa ho at ho var førebudd på «grilling».

– Det blir vel litt grilling, tenker eg. Men eg får ta det som det kjem. Eg er godt førebudd, sa Merete Hodne.

– Har du tru på eit anna utfall denne gongen?

– Det er nok 50–50. Eg trur eg har gode vitne, så det bør ha ein god del å seia. Det er veldig mange som er uvitande til kva eg kallar Muhammadisme er for noko, så saka bør få eit anna utfall.

Håpar det blir siste runde

Hodne meiner all merksemda rundt saka er bra fordi ein då får fokus på det ho kallar Muhammadisme og hijab-bruk.

– Eg meiner hijab er eit symbol på ein totalitær politisk ideologi eg meiner er i ferd med å øydelegga menneska.

– Eg hadde håpa at me var ferdige med denne saka. Men eg visste jo at ho høgst truleg kom til å anka. No håpar eg dette blir siste runde, og at me får ei avslutning, sa Malika Bayan til NRK før rettsforhandlingane.

Det var ho som melde Merete Hodne til politiet, etter at ho blei nekta tilgjenge til frisørsalongen hennar, fordi ho hadde på seg ein hijab.

Asbjørn Eritsland

Asbjørn Eritsland er aktor i saka.

Foto: Erik Waage / NRK

Fleire nye vitne

Forsvaret har kalla inn fleire ny vitne i retten, som vil støtta Hodne i hennar syn på hijab som eit politisk plagg.

Hodne har innrømma at ho avviste Bayan fordi ho hadde på seg ein hijab, men ho forklarer dette med at ho fekk «hetta», fordi ho ser på hijab som eit symbol på ein totalitær ideologi, og ikkje eit religiøst plagg.

Aktor Asbjørn Eritsland sa før rettssaka tok til at han meiner dette blir litt på sida av saka, så lenge hijab blir oppfatta som eit religiøst plagg av folk flest.

Malika Bayan står fast på at hijab er eit religiøst symbol for henne og at det er diskriminering å nekta ho tilgang til frisørsalongen.

Mona Walter og Merete Hodne

Samfunnsdebattant og tidlegare muslim, Mona Walter (t.v.), er blant vitna som skal støtta Merete Hodne i hennar syn på hijab som eit politisk symbol.

Foto: Odd Rune Kyllingstad