NRK Meny
Normal

Ho vil ha ungdommen med på tur

Speidaren i Rogaland er på jakt etter 8.-klassingar som dei vil ta med seg ut i frilufta.

Marianne Kåstad

Marianne Kåstad i Speidaren står bak prosjektet Utklassing, der 8.-klassingar får vera speidar for ein dag.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Prosjektet heiter «Utklassing», og målet er å få ungdom ut i naturen.

– Det er friluftsår, og dette blir ein dag med forskjellige aktivitetar som kano, matlaging ute, orientering og andre ting, seier Marianne Kåstad i Speidaren.

Dette skal dei nå tilby eit knippe 8.-klassar heilt gratis. Det einaste klassen må gjera er å søkja og koma med ei grunngjeving på kvifor dei skal få seg ein dag som speidarar.

Sjå video:

Speideren i Rogaland er på jakt etter 8. klassingar, som dei vil ta med seg ut i frilufta.

Her fortel Marianne Kåstad om konseptet.

Lærer ting ein ikkje lærer i klasserommet

I juryen som vel ut klassane sit ein representant frå NRK Rogaland, som er med på prosjektet, og to representantar for Speidaren.

Klasse 8A på Ullandhaug skole har vore prøvekanin for prosjektet, og Filip Brundtland kan tilråda det på sitt varmaste.

– Det var ein veldig kjekk dag, der me lærte mykje som me ikkje ville ha lært i eit klasserom.