Hopp til innhold

Ho skal kle seg opp i burka på kvinnedagen

Charlotte Søyland (FpU) er positiv til pornografi og imot burka. I dag skal ho demonstrera mot kvinneundertrykking. Ein demonstrasjon som ikkje velkommen i hovudmarkeringa av kvinnedagen i Stavanger.

Charlotte Søyland

BURKA-MOTSTANDAR: Charlotte Søyland er formann i Framstegspartiets Ungdom Rogaland. Saman med to partifellar skal ho demonstrera på Domkirkeplassen i Stavanger i dag.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Sahfana Mubarak Ali

KRITISK: Sahfana Mubarak Ali er minoritetsrådgjevar i IMDI og bystyrepolitikar for Arbeidarpartiet i Stavanger. Ho er kritisk til FpU-demonstrasjonen. Mubarak Ali er muslim med røter frå Sri Lanka, og bruker hijab.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det er viktig for oss å setja fokus på at det framleis i dag er veldig mange kvinner som blir utsett for grov mishandling og undertrykking, seier Charlotte Søyland som er forman i FpU-Rogaland.

Ho skal saman med to andre FpU-arar kle seg opp i burka på kvinnedagen og demonstrera på Domkirkeplassen i Stavanger.

– Eg ser fram til å få prøvd ut burkaen, seier ho.

Dei grunngjev burka-demonstrasjonen med at dei meiner det muslimske klesplagget er eit symbol på undertrykkinga som kvinner opplever.

– Snakkar med to tunger

– Det er ingen som ønsker å ha på seg burka. Det kjennest påtvinga, seier nestleiar i Rogaland FpU, Eirik Thorsen Børseth, til Stavanger Aftenblad i forkant av demonstrasjonen.

Ei som reagerer på den planlagde demonstrasjonen er minoritetsrådgjevar i IMDI og bystyrepolitikar for Arbeidarpartiet i Stavanger Sahfana Mubarak Ali.

– Dette vil først og fremst provosera og eventuelt gjera vondt verre. Det er ikkje vegen å gå, seier ho til NRK.

Charlotte Søyland er open for at pornografi kan vera kvinnefrigjerande, og ho er imot bruk av burka, Mubarak Ali meiner det er ein stor motsetnad i dette.

– Ho taler med to tunger. Når ei kvinne skal få kle seg naken om ho vil, skal ikkje ei kvinne då få lov til å kle seg i burka om ho vil, seier ho.

Ho understrekar at ho er glad for at me har religions- og ytringsfridom. At ei kvar kvinne sjølv kan velja om ho vil gå med hijab, burka, bikini eller kva som helst.

Burka

HEILDEKKJANDE: Ein burka er ei heildekkjande kvinnedrakt som blir brukt offentleg i mange muslimske land. Det er dette antrekket FpU-demonstrantane vil ta på seg under kveldens demonstrasjonen.

Foto: NICOLAS ASFOURI / AFP

Får ikkje vera med i Byparken

Helst ville demonstrantane frå FpU stått i Byparken, der hovudmarkeringa for kvinnedagen i Stavanger skal skje, men det fekk dei ikkje lov til.

Stavanger kommunes arrangementskoordinator, Terje Emil Knutsen, seier til Stavanger Aftenblad at avgjersla ikkje er politisk frå deira side.

– Dei har fått ein annan plass fordi Byparken var opptatt 8. mars. Viss dei ønsker å stå saman med dei andre, så må dei ta det opp med arrangørane i 8. mars-komiteen, seier Knutsen til avisa.

– Me fekk klar beskjed om at me var uønskte, seier Charlotte Søyland.

– Kjenner du deg utstøytt?

– Ja, verkeleg. OTTAR meiner at me berre er der for å plaga og provosera. Det synst eg er ganske frekt. Me er også kvinner, og sjølv om me er på høgresida må me få lov til å sei det me meiner. Dette er kvinnedagen for alle kvinner, seier Søyland.