Ho meiner at olje-kunnskapen må opp

– Nokre politikarar har alt for lite kunnskap om Noreg sin viktigaste industri, seier stortingspolitikar Tina Bru (H).

Tina Bru

STORTINGSPOLITIKAR: Tina Bru frå Sandnes har invitert med seg politikarkollegaer frå Stortinget til oljemessa ONS som føregår i Stavanger i desse dagar.

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund

I år er det rekordmange stortingspolitikarar og ordførarar som deltek på den store oljemessa i Stavanger, ONS. Ei av dei som har jobba for å få opp denne konsentrasjonen Høgre-politikar Tina Bru.

– Det er veldig viktig fordi at politikarane i veldig mange år har vore glade i å bruka pengane som kjem frå denne industrien, men dei har kanskje ikkje hatt ei like god forståing av kor dei kjem frå, seier Tina Bru.

I år er det rekordmange stortingspolitikarar og ordførarar som deltek på den store oljemessa i Stavanger, ONS. Ei av dei som har jobba for å få opp denne konsentrasjonen Høgre-politikar Tina Bru.

OLJE SIGHTSEEING: Politikarane blei med supplybåten «Stril Pioner» på oljesightseeing.

– Kunnskapsnivået må halda mål

I dag fekk politikarane vera med supplybåten «Stril Pioner» på oljesightseeing langs kysten av Nord-Jæren, vanlegvis fraktar båten forsyningar ut til plattformene i Nordsjøen. Om bord på båten var også Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, som er administrerande direktør i Norsk olje og gass (NOG)

– Eg opplever generelt sett at det er ei stor interesse for å læra om utfordringane næringane står ovanfor, og korleis ein møter desse utfordringane, seier han.

Ein av dei som i dag fekk læra mykje om næringa var Anna Kvam, som er talsperson for Grøn Ungdom, ho er samd i Bru sine synspunkt.

– Uavhengig av kva syn me har på klima- og energipolitikk me har så trur eg kunnskapsnivået kunne vore høgare. Me bruker jo mykje tid på oljenæringa, og snakkar mykje om dei folka som jobbar her. Då er det ekstra viktig at kunnskapen me har om næringa held mål, seier Kvam.

– ONS viser omfanget

Tina Bru meiner likevel at det er viktig å ikkje svartmåla situasjonen.

– Nokre politikarar har alt for lite kunnskap om Noreg sin viktigaste industri, men det finst sjølvsagt visse politikarar med mykje kunnskap. Då tenker eg spesielt på dei som sit i komitear på stortinget som har mykje med industrien å gjera, seier ho.

Ho er nøgd med at om lag 100 ordførarar og stortingspolitikarar har stilt opp, nær dobbelt så mange som sist gong ONS blei arrangert i 2014.

– ONS er viktig for å forstå omfanget av olja, dersom du kjem frå ein landsdel med lite olje er det vanskeleg å forstå kva type ringverknadar denne industrien faktisk har. Kor mange arbeidsplassar den til dømes genererer på land. Derfor har det vore viktig for meg å invitera politikarar her til, avsluttar ho.