NRK Meny
Normal

Ho hugsar namn lett – så lenge det er eit kor

Klarer Karina Lange å hugsa namnet på heile koret etter å ha helst på dei ein gong?

Kvifor er det så vanskeleg å hugse namn og så flaut å gløyme dei? Karina lange derimot klarar å lære seg namna på samtlege medlemmer i eit nytt kor fyrste gong ho møter dei. Me set henne på prøve, og introduserer henne for Kopervik Korforening, som ho aldri før har møtt.

SJÅ VIDEO: Her blir Karina Lange sett på prøve i TV-programmet Nomino.

– Eg går aldri vidare til neste, før eg har namnet i hovudet, seier Karina Lange.

Ho er kordirigent, og ifølgje rykta klarar ho å lære seg namna på alle medlemmane i eit nytt kor fyrste gong ho møter dei.

Mange handtrykk

I videoen over blir Lange teken med til Kopervik Korforening, som ho aldri før har møtt.

Karina set i gang med å helse på deltakarane. Det blir mange handtrykk og mange namn før ho har teke heile runden både ein og to gonger. Mellom anna er det heile tre kormedlemmar som ber namnet Gro.

– Eg er fokusert når eg helsar på dei, så repeterer eg namnet inni meg. Før eg helsar på nestemann må eg gjenta dei eg allereie har helst på før, forklarer ho.

Så når ho helsar på nummer 25 i ei gruppe må ho repetera alle namna inni seg før ho kan helsa på nummer 26, og så vidare.

Utanom korsamanhengen er ikkje Karina Lange like god til å hugsa namn.

– Eg kan sikkert då og, men eg koplar ikkje då. Her konsentrerer eg meg. Eg har som mål at når eg skal møte eit nytt kor, vil eg læra namna fort. Då føler medlemmane seg meir sett, og det blir lettare å knytte kontakt, seier ho.

Legg merke til noko ved ansiktet

Oddbjørn By

Oddbjørn By har vore noregsmeister i hugs, og har mange gode råd å koma med.

Foto: NRK

Oddbjørn By har vore noregsmeister i hugs, Han har mange tips til korleis me kan bli betre.

– Eg prøver å legga merke til ein ting ved ansiktet, og relatera det til namnet, seier han.

Men det er likevel ingen lett oppgåve å huske namn.

– Det er så mange namn å ta av, og det er umogleg å vita kva folk heiter når ein berre ser dei. Ein annan ting er at du er oppteken av andre ting når du helsar på folk, som til dømes handtrykket, seier By.

Om Karina Lange greidde å hugsa alle namna i Kopervik Korforening? Det kan du sjå videoen øvst i denne saka.

Kopervik Korforening og Karina Lange

Karina Lange set si ære i å raskt læra seg alle namna i nye kor ho møter. Her med medlemmane i Kopervik Korforening.

Foto: Gøril Grov Sørdal/NRK