Hopp til innhold

Hjertefrisk CD frå Tang Wa

I vinter fekk Svein Tang Wa hjerteinfarkt og det var såvidt han overlevde.  Nå gir visersongaren frå Stavanger ut ny CD med tittelen "Rødast hjerta".

Svein Tang Wa
Foto: Bjørn Olav Skjæveland / NRK

Tang Wa har blitt fast gjest på Hjertelaget sine treningar.  Kvar veke er han med på fellesopplegget der han trenar til musikk og med full innsats.

- Hadde eg ikkje trent så kunne eg ha vore død nå, seier Tang Wa.

- Og då hadde det nye albumet mitt blitt "post hum".  For det var godt påbegynt då eg fekk infarktet, seier han.

- Eg glede meg meir over dei små ting, etter opplevinga med hjerteinfarktet, seier Tang Wa.  Dei små tinga blir så store som dei skal vera.

Men du tullar og vitsar like mykje nå som før?

- Du vett, visst du e litt løyen, så har du et godt forsvar mot det mesta.

 

 

Svein Tang Wa
Foto: Bjørn Olav Skjæveland / NRK

Litt klokare tekstar

- Med åra så er det å håpa at eg har blitt litt klokare, filosoferar Tang Wa omkring tekstane sine på den nye plata.

- Samstundes så håpar eg ikkje at tekstane blir oppfatta som private, sjølv om dei har med mitt liv å gjera.

- Eg prøve å gjera dei almenne, seier han.  Og så slår han stiften på gymsalgolvet og viser at om han var nær døden, så er han eit godt stykke unna nå.