Hopp til innhold

– Eg kan leva som normalt med HIV

Fordommar og stigmatisering er den største utfordringa for mange av dei som har HIV i dag. – Befolkninga sitt med eit fryktbilete som høyrer heime på 80- og 90-talet, meiner HIV-smitta.

Seminar på Høgskulen Stord Haugesund hadde fokus på openheit rundt HIV.

Leif-Ove Hansen testa positivt for Hivviruset i 2010, no vil han ha meir openheit om sjukdomen.

– Det kom jo som eit sjokk, sjølv om eg visste kva eg hadde gjort, og utsett meg for. Eg hadde hatt ubeskytta sex, fortel Leif-Ove Hansen.

Han trudde først han hadde blitt smitta av svineinfluensa, og ante ikkje at det kunne vera HIV. Først då han sjølv skreiv ei oppgåve om temaet då han studerte til å bli sjukepleiar, testa han seg.

I 2010 fekk han diagnosen Hivpositiv.

– Ein skylder først på seg sjølv, men det var ein glipp som eg gjorde, og som eg må lære meg å leva med. Sjølv om den var meir dyrekjøpt enn for dei fleste andre som har hatt ubeskytta sex, seier Hansen.

Vil bli kvitt fordommar

I dag var han ein av føredragshaldarane på eit HIV-seminar på Høgskulen Stord Haugesund. Målet var å bygge ned fordommar og få meir openheit rundt det å ha HIV.

– Folk sitt med eit fryktbilete som høyrer heime på 80- og 90-talet. Då døydde folk av HIV, men det gjer ein jo ikkje lenger, seier Hansen.

Han lev i dag eit heilt vanleg liv med sjukdomen. Ein tablett kvar morgon er alt han trenger å ta for å halde seg frisk. Då er det heller ingen fare for at han smittar andre. Det største problemet for han er korleis dei som veit at han er Hivpositiv opplev sjukdomen hans.

– Ein lev like lenge som alle andre, og like godt som alle andre. Ein tek ein pille tidleg på dagen, og det er eigentleg alt ein treng å ta omsyn til. Men det er mykje utdatert kunnskap blant folk, fortel Hansen.

Fleire kunne ha fått behandling

I Norge har 5500 personar fått HIV-diagnosen og 50 av desse bur på Haugalandet.

Ei av dei som kjenner desse godt er Randi Ofstad, overlege i Helse Fonna.

– Dei har venner, men veldig få dei kan snakke om HIV-sjukdomen med. Det trur eg gjer det veldig vanskeleg. Folk trur at dei som har HIV har levd veldig utsvevande liv, og det tek dei avstand frå, fortel Ofstad.

Randi Ofstad

Randi Ofstad er overlege i Helse Fonna.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Ho trur enda fleire kunne ha blitt behandla, viss det hadde vore meir openheit om sjukdomen.

– Då hadde ein høyrt meir om HIV, og då trur eg at fleire av dei som er i risikogruppa og som har ein risikoåtferd ville ha testa seg. I dag ser me at mange av dei som blir innlagt på sjukehuset er veldig dårlege, fordi dei har gått med HIV i kanskje ti år før dei har testa seg, seier Ofstad.

– Står ikkje HIV i panna

Leif-Ove Hansen har vald å vera open om at han er HIV-smitta nettopp for å bidra til større openheit.

– Eg tenkjer at det må bli ein meir normal ting. Og eg håpar folk byrjar å innsjå at dei som har HIV i dag, dei lev like lenge som alle andre og like normalt som alle andre. Det står ikkje HIV i panna på nokon. Det er ein usynleg sjukdom, som er på line med diabetes. Du er ein kronikar som alle andre, seier Hansen.