Historisk togtur: Dette er første reise for Go-Ahead i Norge

Anders og Tonje Holta-Aas fekk vere med det aller første Go-Ahead-toget frå Stavanger til Drammen. Lite visste dei om at togturen var historisk.

Det første Go-Ahead-toget

Klokka 06.47 gjekk det første Go-Ahead-toget på norsk jernbane, frå Stavanger mot Oslo.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

NRK hadde først denne tittelen på saka: «Første reis med Go-Ahead: – Billetten var dobbelt så dyr». Tittelen kan gi inntrykk av at billettprisane er blitt mykje dyrare med Go-Ahead enn Vy. Dette har ikkje NRK dekning for. Derfor er tittelen endra.

– Eg trur ikkje det blir så mykje forskjell.

Det er grytidleg søndag morgon på Stavanger stasjon, men Anders Holta-Aas er blid likevel.

Men noko er annleis. Ein stand med logoen «Go-Ahead Nordic» blir sett på plass langs veggen. Det er ballongar i kvitt og blått. Ein kvinneleg tilsett deler ut gratis kaffi.

Anders og foloveden Tonje Holta-Aas visste ikkje at dei skal vere med på noko historisk denne morgonen.

Klokka 06.47 forlèt nemleg det aller første Go-Ahead-toget ein norsk perrong. NSB og seinare Vy har køyrt tog på Sørlandsbanen, altså mellom Stavanger og Oslo, sidan 1944.

Men no er det slutt.

– For dei aller fleste vil ikkje overgangen merkast stort. Dei vil sjå dei same toga inntil vi får omprofilert og merka dei. Det dei vil merke først og fremst er at vi har tilsette i nye uniformer, seier administrerande direktør Cathrine Elgin i Go-Ahead Noreg.

Passasjerer etter første tur med Go-Ahead

Anders Holta-Aas og Tonje Holta-Aas var to av passasjerane som tok den aller første turen med togselskapet Go-Ahead søndag. – Turen var lik som alle andre, men når han var fire timar lenger og kosta dobbelt så mykje kunne vi heller valt bilen, seier dei.

Foto: Christina Oppelstrup Juelsen / NRK

– Mykje dyrare

Men Holta-Aas blei overraska då han såg prisen for returbilletten søndag.

– Det blir jo mykje dyrare. Vi betalte 700 kroner bort og 1700 heim igjen, seier Anders.

Nærare bestemt betalte paret 752 kroner frå Skien via Nordagutu til Stavanger torsdag morgon. Søndag morgon var prisen 1656 kroner – og då med stopp i Drammen.

Cathrine Elgin

Administrerande direktør Cathrine Elgin i Go-Ahead Noreg trur passasjerane skal merka forbetring med dei som driftar av fleire jernbanestrekningar.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

Go-Ahead-strekninga Stavanger–Drammen kosta 1118 kroner for to personar. Torsdag kosta den litt kortare strekninga Nordagutu–Stavanger 558 kroner. Då var det Vy som køyrde toget.

– Grunnen til å ta vi tok toget var jo at det liksom var billegare enn å køyre bil, seier Anders Holta-Aas.

Go-Ahead har allereie innrømt dyrare billettar for enkelte passasjerar (sjå faktaboks). Dei seier prisen blir høgare på grunn av større etterspurnad, slik det også var før med Vy.

– Søndagar er det ofte større etterspørsel enn på torsdagar. Eg veit ikkje når desse billettane blei bestilt, men ofte vil det vera pengar å spara på å bestilla billettar i god tid, akkurat slik det er når ein bestiller flybillettar, skriv rådgivar i Go-Ahead Noreg, Simen Trannum, i ein e-post til NRK.

Han legg til at passasjerar som reiser med fleire selskap kan oppleva høgare prisar enn når ein reiser berre med Go-Ahead, dersom dei ikkje vel fleks-billett. Då er prisen den same også når ein vel å reisa med fleire selskap.

NRK har også vore i kontakt med Vy. Dei seier også togbillettane ofte er dyrare på søndagar, men seier det er vanskeleg å slå fast om billettane hadde vore like dyre med dei som operatør.

Uansett er målet til Go-Ahead på sikt å bruke pris som eit verkemiddel for å for fleire til å reise med tog.

– Men for å gjere det må vi få innsikt i reisedata. Dette er den første dagen vår, så per no har vi inga innsikt, seier direktør Elgin.

Samferdselsministeren: – Vil styrke norsk jernbane

Også samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) var på plass i Stavanger då britiske Go-Ahead overtok drifta av Sørlandsbanen søndag.

– Vi må få fleire til å reise med tog i framtida. At vi får fleire aktørar som konkurrerer om å skaffe seg passasjerar, som igjen forhåpentlegvis genererer at fleire brukar tog, vil styrke norsk jernbane i åra framover, sa Dale då han var om bord på toget etter markeringa på Stavanger stasjon.

Statsråden meiner togkundane vil nyte godt av konkurransen på norsk jernbane.

– Vi får aktørar som heile tida må strekke seg etter å levere kundane det beste tilbodet dei kan. Vi vil i tillegg kjøpe meir togmaterielle og oppgradere dei toga vi har. Då blir det ei betre reiseoppleving for alle som vel tog.

Om lag 200 personar skiftar no arbeidsgivar frå Vy til Go-Ahead. Med andre ord blir det stort sett dei same tilsette på toga, ifølgje Go-Ahead-sjefen.

– Vi skal køyre etter same ruteplan som før det første året. Eg håper og trur at passasjerane skal merke betring etter at vi har tatt over, seier Elgin.

Søndag 15. desember ovetok òg Go-Ahead drifta av Jærbanen og Arendalsbanen. Dette er første gong eit utlandsk selskap blir operatør på norske togstrekningar.