NRK Meny
Normal

Historisk siger for Arbeidarpartiet

For første gong har Arbeidarpartiet vunne skulevalet i Rogaland, og det vart ein knusande siger i det tradisjonelt blå fylket.

Julia Wong

KAN JUBLA: Julia Wong, leiar i Rogaland AUF, kan strekka armane i vêret etter at skulevalresultatet for Rogaland er klart. Også nasjonalt var Ap den store vinnaren.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Vallogo

Arbeidarpartiet fekk 28,6 prosent av stemmene, 8,9 prosentpoeng framfor Høgre, som fekk 19.7.

Med det resultatet går Ap fram med 5,5 prosentpoeng frå i 2011, og heile 10,2 prosentpoeng frå 2013.

– I 2013 forventa me ikkje at det skulle gå så bra i år, men då me såg resultata koma i løpet av skulevalkampen så såg me at det kanskje kunne gå bra, seier Julia Wong, leiar i Rogaland AUF.

Skuleval Rogaland 2015
Foto: skjermdump samfunnsveven.no
Jubel for Arbeidarpartiet i Rogaland

BRA STEMNING: Rogaland AUF var i godt humør etter skulevalet. Her flankert av nokre medlemmer i Senterungdomen og Rogaland SU.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Historisk

For første gong i historia har Arbeidarpartiet vunne skulevalet i Rogaland. Høgre er den store taparen, med «berre» 19,7 prosent av stemmene. I 2013 fekk dei 30,4 prosent og i 2011 fekk dei 26,7 prosent.

– Eg trur årsaka er at ungdomen ser kva retning regjeringa tek Noreg og Rogaland i. Her i Rogaland har Høgre, Frp og KrF styrt i mange år, og at det er ei retning ungdomen ikkje har lyst at Rogaland skal gå i. Dei har lyst på Ap sin samfunnsretning, seier Wong.

Også på landsbasis er Arbeidarpartiet suverene vinnarar, med ein framgang på 8,9 prosentpoeng til 31,9 prosent frå stortingsvalet i 2013.

– Eg trur og håpar at me ser at dette i valet om ei veke også, seier Wong.

Historiske resultat skuleval Rogaland
Foto: skjermdump samfunnsveven.no

MDG og piratane gjorde det bra

Også Miljøpartiet De Grønne har gjort eit brakval, og fekk 5,6 prosent oppslutnad. Det er meir enn både Senterpartiet, SV og Raudt. Piratpartiet fekk 4,3 prosent av stemmene, 0,3 prosentpoeng meir enn i 2013.

Kristeleg Folkeparti går fram frå 5,8 prosent i 2013 til 6,8 prosent i årets val. Venstre går frå 7,0 til 7,4 i same periode.

Julia Wong, leiar i Rogaland AUF

Julia Wong gjesta nyheitene etter sigeren.