Hopp til innhold

Historisk plassering for Egersund

Egersund sitt nyopprykka 2. divisjonslag leier nå tabellen. Den historiske plasseringa oppnådde dei med å knusa Brann sitt andrelag 4–0.

Historisk for Eik

Her sett Jan Erik Gløpstad inn 3–0 for Eik etter straffe.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

EIK-trenar Jørgen Tengesdal hadde god grunn til å smila etter kveldens oppgjer mot Brann sitt andrelag.

Klubben har nå den beste tabellplasseringa nokon sinne. Etter tre kampar i 2. divisjon avdeling 3, leiar det nyopprykka laget med sju poeng.

I kveld fekk 700 tilskodarar sjå eit overlegent heimelag banka Brann.

Måla kom ved Lindrum Binaku (46), Mathias Pertamo (70 og 90) og Jan Erik Gløpstad (80).