Hopp til innhold

Slik såg hesten Astoria ut etter at ho vart skremt vekk av fyrverkeri

Hesten til Tove Skadsheim sprang fleire kilometer i panikk og skada seg etter å ha høyrt fyrverkeri. Nå ønsker over 40 organisasjonar at regjeringa skal forby fyrverkeri i privat regi.

Hesten Astoria la på sprang etter å ha blitt skremt av fyrverkeri. Det førte til store skadar.

Hesten Astoria la på sprang etter å ha blitt skremt av fyrverkeri. Det førte til store skadar.

Foto: privat

3, 2, 1...

Ved midnatt på nyttårsaftan smeller det tonnevis av fyrverkeri.

Då veit Tove Skadsheim at hesten hennar Astoria blir livredd. Så ho polstrar vindauga i stallen og set på høg musikk.

– Men ho blir framleis skremt, og skjønner ikkje kva som skjer. Men då stikk ho i alle fall ikkje av, seier Skadsheim.

For ein dag gjorde ho det.

Sprang i panikk

Ein sommardag for fire år sidan, då Astoria stod ute, vart det skote opp fyrverkeri i Sandnes.

– Hesten tok fart i ei retning, over eit gjerde, ei bru, og langs ein skogsveg. Rundt fire kilometer borte vart ho funnen i ein hage. Då var ho ganske blodig og vond i beina, seier Skadsheim.

Tove Skadsheim ønskjer privat forbod mot fyrverkeri, då hesten hennar stakk av under oppskyting.

Tove Skadsheim synest fyrverkeri er flott å sjå på, men skulle ønskje privatpersonar ikkje hadde tilgang på det.

Foto: privat

Astoria trong akutt dyrlege, men vart bra igjen. Berre flaks, seier Skadsheim og meiner det heile lett kunne vore unngått.

– Eg var så frustrert. Det er nok med fellesoppskytingane på nyttårsaftan. Hadde dei klart å halde seg til midnatt så hadde me vore førebudd.

Hesten Astoria la på sprang etter å ha blitt skremt av fyrverkeri. Det førte til store skadar.

Heldigvis gjekk det bra med Astoria. Men ho er framleis livredd høge smell.

Foto: privat

Må medisinere

NRK har vore i kontakt med fleire dyreeigarar. Dei fortel om paniske dyr, dyr som rømmer og dyr som har måtta bli avliva etter episodar med fyrverkeri.

Og hos dyreklinikkar er det travelt nå dagane før det verkeleg smell.

– Mange tar kontakt i god tid på førehand for å få medisinar og råd, seier Anne Sofie Stie som er veterinær og dagleg leiar på Arken Dyreklinikk på Ålgård.

Veterinær og dagleg leiar i Arken Dyreklinikk viser frem hjelpemiddel for redde hundar

Det er viktig å vere ute i god tid og drive med førebyggande trening med lydar, seier veterinær Anne Sofie Stie.

Foto: Marie Håland / NRK

Ho ser at fyrverkeri skapar stor frykt hos dyra.

– Det er mange historier om dei som har roke band, og sprunge ut i vegen og blitt treft av bil, til dømes. Fyrverkeri forverrar kvardagen, og det er synd å sjå, seier ho.

Ønsker eit forbod

– Me har ei oppfordring til regjeringa om å regulere fyrverkeri betre. Det er til stor skade for ein uskyldig tredjepart som er dyr, menneske og miljø.

Åshild Roaldset

Dagleg leiar i Dyrebeskyttelsen Norge, Åshild Roaldset, meiner eit stort problem er at folk skyt opp fyrverkeri til heilt andre tider og på andre dagar enn det lovlege tidsrommet på nyttårsaftan.

Foto: Anne K. Harkestad / Dyrebeskyttelsen

Det seier Åshild Roaldset som er dagleg leiar i Dyrebeskyttelsen Norge.

Dei meiner, saman med over 40 andre organisasjonar og fagpersonar, at eit forbod mot fyrverkeri i privat regi må på plass (ekstern lenkje).

– Eg veit det er mange store dyr som har fått panikk og nokre har til og med døydd. Ein kan jo ikkje gje roande middel til alle sauar, kyr og griser.

Ho trur og håper regjeringa vil lytte til oppfordringa som har blitt sendt.

– Nå er det så mange som stiller seg bak dette at det ikkje kan bli ignorert. Og viss me ikkje får bukt med det nå, så kjem fleire til å stille seg bak det neste år, seier Roaldset.

– Grip inn i familiefeiring

Forbrukarundersøkingar viser at rundt 85 prosent av barnefamiliar i Noreg feirar det nye året med fyrverkeri.

Rikard Spets i norsk fyrverkeriforening

Rikard Spets i Norsk Fyrverkeriforening seier at det ikkje er mogleg med berre fellesoppskytingar, fordi det berre finst 120 godkjente pyroteknikarar i Noreg.

Foto: Knut Nordhagen

– Så eit forbod mot privat fyrverkeri er i prinsippet eit forbod mot familiar si nyttårsfeiring, seier Rikard Spets i Norsk Fyrverkeriforening.

Han meiner ein heller må slå ned på dei som ikkje klarer å halde seg til dei lovlege klokkeslettene.

Reguleringane seier fyrverkeri berre skal opp mellom 18 og 02 på nyttårsaftan. Elles bør ein bruka vernebriller, halde god avstand, unngå alkohol og lese instruksjonane, seier Spets.

– Gjer ein dette så blir det ein trygg og fin nyttårsaftan for familiar og firbeinte.

Nyttårsaften 2019/2020

Fyrverkeri høyrer til feiringa for mange. Men nå ønsker fleire eit forbod for å beskytte dyr, menneske og miljø.

Foto: Berit Roald / NTB