Hopp til innhold

Hesteeigarane kan mista retten til å ha dyr

Nå har Mattilsynet sendt ut brev til garden i Sirdal der dei i august fann fleire avmagra hestar. Dei varslar forbod mot dyrehald.

Avmagrede hester i Sirdal

Ein av hestane på garden i Sirdal som Mattilsynet gav pålegg om å fôra opp innan 1. oktober.

Foto: Tipser

Saka om garden i Sirdal kommune i Vest Agder, som har vore i Mattilsynet sitt søkjelys i 13 år, har i haust ført til sterke reaksjonar. Bakgrunnen er funnet av fleire avmagra hestar i august.

Odd Ivar Berget

Odd Ivar Berget er regionssjef for Mattilsynet i Sør Rogaland.

Foto: Anders Fehn / NRK

Mattilsynet har fått kritikk for treg handsaming av saka, men i dag sender dei ut brev til den omstridde garden. Her varslar dei eit vedtak om forbod mot dyrehald for ekteparet.

– Mangel på kunnskap om dyrevelferd

– Bakgrunnen er den manglane ivaretakinga av dyrevelferd på fleire dyreartar over fleire år. Det er mangel på kunnskap om dyrevelferd og dårlege haldningar, som fører til at det ikkje blir tilstrekkeleg fôring og stell av dyr over tid, seier regionssjef for Mattilsynet i Sør Rogaland, Odd Ivar Berget.

Dei har freist på å uttala seg innan 10. oktober. Her skal dei koma med sine forklaringar. Etter dette tek Mattilsynet på ny ei vurdering på om det skal bli fatta endelege vedtak om forbod.

Då må eigaren i så fall avvikla dyrehaldet, noko som med dagens freistar må skje innan 15. oktober.

Ber om utsetjing

– Eg blei kjent med dei varsla vedtaka i går, men eg har framleis ikkje fått tilgang til alle dokumenta i saka, sjølv om eg har etterlyst dei frå Mattilsynet, seier advokaten til ekteparet i Sirdal, Målfrid Ølberg.

Med grunnlag i dette har ho bedd Mattilsynet om å få utsetja fristen for tilbakemeldinga deira.

– Eg har bedd om 14 dagars freist frå eg tek imot alle dokumenta, seier Ølberg.

Ho slår likevel fast at ho vil koma med merknadar til det varsla vedtaket.

Desse vedtaka er varsla

  • NN: Forbod mot å eiga, ha, bruka, halda, omsetta, slakta, avliva eller på annan måte føra tilsyn med eller ha ansvar for hest, hund og andre produksjonsdyr. Vedtaket gjeld fram til Mattilsynet opphevar restriksjonen på grunn av rettskraftig dom frå Gulating lagmannsrett om restriksjon for storfe.
  • NN: Forbod mot å eiga, ha, halda, omsetta, slakta, avliva eller på annan måte føra tilsyn med eller ha ansvar for storfe, hest og andre produksjonsdyr. I tillegg er det forbod mot å halda, ha eller på annan måte føra tilsyn med eller ha ansvar for hundehald der hundar blir heldt ute, i stallrom og/eller i driftsbygg.