NRK Meny

Herrelaust avfall

Fylkesmannen er uroa over det ho kallar herrelaust avfall som har drevet i land på strender i Ryfylkebassenget. Det er svært uheldig at forsøpling langs strendene er av eit så stort omfang, ifølgje Fylkesmannen. Ho har ikkje moglegheit til å pålegge Vegvesenet, som ryddar søppel etter Ryfast, å rydde opp anna avfall - men håper Vegvesenet saman med kommunar og frivillige bidrar til å rydde opp.