– Det er ikkje ofte det er så høge temperaturar så tidleg på året, slår statsmeteorolog Dag Kvamme ved Vêrvarslinga på Vestlandet fast.
Han listar opp elleve målestasjonar i Rogaland som laurdag har målt over 20 grader (sjå lista nedst i artikkelen).
Meteorologane definerer sommardagar i Norden som dagar med maksimumstemperatur over 20 grader. 7. mai blir dermed årets første sommardag, ifølge meteorologane.
Ingen rekord
Målestasjonen på Sola kom opp i heile 24,2 grader på det varmaste mellom klokka 15 og 16.
Sola var med det den varmaste plassen i heile landet laurdag. Nummer to på landslista kom målestasjonen på Våland i Stavanger med sine 23,8 grader.
Men 24,2 grader er likevel ingen rekord for Sola så tidleg på året.
– Nei, rekorden på 25,2 grader frå 30. april 1993 står ved lag, opplyser statsmeteorolog Kvamme.
Mairekorden i fylket er på 29 grader og skriv seg frå 1954 (Sauda) og 2008 (Fister). Men desse temperaturane blei målte heilt på slutten av månaden.
Kan blir høgare temperaturar
Det er venta liknande temperaturar fram til måndag, og statsmeteorologen ser ikkje bort frå at det kan blir endå varmare.
– Med litt mindre vind og meir sol kan temperaturane bli høgare. Til og med måndag kan me passera 24,2 grader, men etter det blir det litt lågare temperaturar.
Neste helg er det på ny langfri for mange med pinse og 17. mai. Ifølge statsmeteorologen er det lite som tyder på eit liknande sommarvêr.
– Det ser ikkje like lovande ut, men det kan snu.