Hopp til innhold

Her testar Mods forma før den store konserten

Det er mindre enn to veker igjen til Mods skal stå framfor 25.000 publikumarar på Viking stadion. Men alt i helga kunne ein høyra «Tore Tang» ljoma frå scena – på ein intimkonsert i Tysnes.

16. juni står Mods på scena på Viking stadion. Men alt i helga varma dei opp med intimkonsert i Tysnes.

I helga hadde fekk folk i Tysnes oppleva Mods live. Her kan du sjå eit lite utrdrag frå konserten. Foto: Sigve Prestnes.

– Det var ellevilt. Det var allsong frå start til slutt, seier Arne Svare, manageren til Mods.

Laurdag heldt Mods ein øvingskonsert på Mandelhuset i Tysnes.

– Det var ein test av settet som Mods skal gjera på Viking stadion. Eigentleg var det noko dei gjorde for å få stå framfor eit publikum, før dei står framfor 25.000, seier Svare.

Konserten blei annonsert berre ein dag før, men fullt blei det likevel på lokalet, som har plass til litt over 200 publikumarar.

– Det blei berre hengt opp ein liten lapp på veggen på lokalet dagen før, men det tok berre tjue minutt så var alle billettane selde ut.

Skal opptre for 25.000 publikumarar

Mods skal halda to konsertar på Viking stadion, ein på fredag den 16. og ein på laurdag den 17. juni.

Dei 25.000 billettane til konserten på laurdagen vart raskt selde ut, men det er framleis billettar igjen til konserten på fredagen.

Det er kanskje feil å kalla det for ein konsert, for fleire artistar har kome til undervegs, og no liknar det meir på ein festival, der nokre av Rogaland sine største band og artistar står på same scena for ein kveld.

Stavangerkameratane, Hilde Selvikvåg, Vestlandsfanden, The Getaway People, Bjørn Eidsvåg, Hans Petter Hansen, og Reidar Larsen er berre nokre av dei som skal opptre.

Travle dagar

Men det er utan tvil Mods som er hovudattraksjonen, og bandet har øvd saman sidan tidleg i vår.

– Det blir veldig travelt framover no. Sjølv om alt sitter musikalt, så er det mykje som skal på plass.

– Men kjenner dei seg klare for å spela på Viking stadion?

– Det viktigaste er at settet fungerer, og så lenge det er på plass, så trur eg alle kjenner seg trygge på at det går kjempefint på stadion. Dei gjorde det jo for fem år sidan óg, så dei har ein viss erfaring, seier Svare.