Hopp til innhold

Bompengetrøbbel har spart bilistar for 380 millionar kroner

I eitt år har bilistane køyrd gratis i Noregs største vegprosjekt, Ryfast. Det sparer dei for om lag 380 millionar kroner. Men snart er gratisturane over.

Ingen bompengeinnkreving i Ryfast, her fra Ryfylketunnelen på Strand-siden

Gjennom heile 2020 sparer bilistane om lag 383 millionar kroner på at det ikkje er bompengar i Ryfast, viser ei utrekning NRK har gjort. I februar må dei betala.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– For folk som pendlar til byen er det blitt ekstremt praktisk, seier varaordførar i Strand kommune i Rogaland, Bjørn Aril Veland (KrF).

Han er blant dei som dagleg pendlar frå ryfylkekommunen Strand til Forus i Stavanger.

Med opninga av verdas lengste undersjøiske biltunnelen 30. desember i fjor, har han halvert reisetida til jobb. Så langt har alle turane attpåtil vore gratis.

Bjørn Aril Veland

Varaordførar og pendlar i Strand kommune, Bjørn Aril Veland, meiner Ryfast har blitt betre enn venta.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Årsaka er trøbbel med å få på plass bompengesystemet. Det har spart pendlarane for titusenvis av kroner.

Gjennom heile 2020 sparer bilistane om lag 383 millionar kroner på at det ikkje er bompengar i Ryfast, viser ei utrekning NRK har gjort (sjå faktaboks).

Utrekninga er basert på trafikktala i år. Dei er det grunn til å tru hadde vore lågare med bompengar.

(Bompengeselskapet Ferde har fått framlagt utrekninga til NRK og har gått god for tala).

Statens vegvesen rekna med om lag 330 millionar kroner i bompengeinntekter i 2020 ut frå transportanalysen før tunnelopninga.

– Betre enn venta

Varaordføraren trur gratisåret har hatt stor effekt for Ryfylke.

– Heile Nord-Jæren har brukt turområda i Strand. Det merka me spesielt i vår då det blei stengt for hytteturar.

– Blei tunnelen betre enn venta?

– Ja, det trur eg. Eg venta ingen ketsjupeffekt på folketalet eller bedriftsetableringar. Det er ikkje ein sprint, men ein maraton. Men eg har ein god følelse.

Tidlegare har samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) slått fast at staten tar ekstrarekninga som følgje av at bompengeinnkrevjinga i Ryfast-tunnelane ikkje er på plass.

Derfor trur ikkje bompengeselskapet Ferde at bompengetapet på nesten 400 millionar kroner i år får noko å seia for bilistane.

– Eg er heilt sikker på at når samferdselsministeren seier dei tar rekninga, så gjer dei det, seier styreleiar i Ferde, Janne Johnsen.

Veteranbil gjennom Ryfylketunnelen

30. desember i fjor opna hovudtunnelen i Ryfast, Ryfylketunnelen. Det er verdas lengste og djupaste undersjøiske biltunnel.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Bompengar i februar

Ifølge Ferde blir det bompengar i Ryfast i februar, ikkje april som det er gitt inntrykk av tidlegare. Statens vegvesen har også stadfesta at det blir bompengeinnkrevjing frå 1. februar.

Janne Johnsen på Sunnfjord hotell

Styreleiar i Ferde, Janne Johnsen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Alt går etter planen. Både leverandør og våre folk i Vegvesenet stadfestar at me er i rute, uttalte prosjektlear i Statens vegvesen, Bjørn Roar Eriksen, julaftan.

Det betyr at pendlarar som Veland må punga ut 56 kroner for elbil i Ryfylketunnelen i Ryfast. Prisen for fossilbil blir 112 kroner (prisar med rabatt).

For den siste tunnelen, Hundvågtunnelen, blir det felles timesregel med bompengeringen på Nord-Jæren. Det betyr at ein betalar anten i bomringen på bysida eller i Hundvågtunnelen.

– Det blir annleis med betaling, men me er vane med å betala for ferje også. Det gjorde me tidlegare, seier Veland.