Her slepp du parkeringsbot i sentrum

Egersund ønsker meir folk og liv i byen. Derfor har dei droppa parkeringsbota på 600 kroner i sentrum.

Arne Stapnes

BOTFRI PARKERING: Mange har spørsmål til Eigersund parkering om det nye parkeringssystemet ved torget. Ei av endringane er at det er slutt på parkeringsbøter.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Eg har ikkje fått parkeringsbøter sjølv, men det har berre vore flaks som har gjort det, seier Siv Marte Stornes.

Ho har nettopp parkert bilen i sentrum av Egersund. Den vesle byen sør i Rogaland som i 2016 tok eit steg i urban retning.

Då kom dei første parkeringsautomatane. Dermed var det slutt på «parkerings-anarkiet», og folk risikerte bot ved å stå parkert for lenge.

Men 1. juni var det slutt på parkeringsbøter for manglande betaling ved den store parkeringa ved torget i Egersund.

Målet er at folk ikkje skal droppa turen til sentrum i frykt for 600 kroner i bot.

Trur på sentrumseffekt

Vidar Nesheim

Leiar i sentrumsforeininga i Egersund, Vidar Nesheim.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Parkeringsavgifta på fem kroner i timen bør heller ikkje skremma bort særleg mange.

– Dette vil etter kvart bli veldig positivt for sentrum, meiner leiar i sentrumsforeininga i Egersund, Vidar Nesheim.

Og alt nå ser parkeringssjefen resultat. Han er travelt opptatt med å forklara folk det nye parkeringssystemet i byen.

– Det er rimeleg fullt på parkeringsplassen. Det har ikkje mangla på bilar, for å seia det slik, seier dagleg leiar i Eigersund parkering, Arne Stapnes.

Siv Marte Stornes

Sissel Ølberg frå Sandnes synst det er billeg å parkera i Egersund. – Eg er van med å betala minst 15 kroner i timen, seier ho. Nå slepp ho også parkeringsbot dersom ho gløymer betalinga.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Gebyr på 59 kroner

Nå er det verste du risikerer dersom du gløymer å betala for deg eit fakturagebyr på 59 kroner, i tillegg til parkeringsavgifta på fem kroner timen.

Det svir langt mindre enn 600 kroner i parkeringsbot.

Arne Stapnes

Dagleg leiar i Eigersund parkering, Arne Stapnes.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Gebyret er veldig høgt i forhold til resten av parkeringa, men i forhold til ei bot er det veldig lite. Det er også mange måtar å betala parkeringa for å unngå gebyret, seier Vidar Nesheim i sentrumsforeininga.

Du kan for eksempel betala via ein app, på automat før du reiser eller på nett innan 48 timar. Siste utveg er faktura med fakturagebyr.

Men foreløpig har få parkeringsgebyr blitt sendt i posten.

– I praksis vil det ikkje vera mange som endar opp med dette. Me prøver å informera så godt me kan om korleis ein kan betala for å unngå gebyr, seier Stapnes i Eigersund parkering.

Vil behalda p-avgifta

Egersund har nå kanskje tatt eit steg tilbake når det gjeld urbanisering.

Spørsmålet blir om neste steg blir at heile parkeringsavgifta blir fjerna.

– Me i sentrum veit korleis det var i sentrum før parkeringsavgifta. Då måtte du leita etter parkering i 15–20 minutt. Slike tilstandar ønsker me ikkje, seier Arne Stapnes i sentrumsforeininga.