Hopp til innhold

Her slepp dei jubelen laus

Det blei ein historisk dag i Åsenhallen i Sola i dag. Handballjentene tok seg for første gong til semifinale i NM då dei slo Molde 29–27. Sjå den elleville jubelen i videoklippet.

Det blei ein historisk dag i Åsenhallen i Sola i dag. Handballjentene tok seg for første gong til semifinale i NM då dei slo Molde 29–27.

VILL JUBEL: Her jublar smørblide Sola-jenter etter sigeren. Målvakt Amalie Frøland og trenar Knut Ove Joa er intervjua i klippet. (Foto: Pål Mortensen)

– Dette var heilt fantastisk, seier målvakt Amalie Frøland etter litt vill jubel på parketten i Åsenhallen.

Banens beste sit vanlegvis på benken

Både publikum og spelarane er i ekstase. Aldri før har Sola handball vore i ein semifinale i NM, men nå er dei der mykje på grunn av nettopp Frøland, som blei kåra til banens beste spelar. Ho er godt nøgd med kampen.

– Det er eigentleg slikt som eg alltid visualiserer før kamp, og då er det så kjekt når eg endeleg får det til også. Eg sit vanlegvis på benken og får sjansar av og til, men det har aldri vore så bra som det var i dag. Dette var veldig bra, seier ho.

Sola, som slit i eliteserien med berre ein siger, låg lenge under mot førstedivisjonslaget Molde. Etter full tid stod det 26–26. I ekstraomgangane gjorde likevel heimelaget jobben og sørgja for sluttresultatet 29–27.

Tidlegare landslagsspelar Tonje Nøstvold blei toppscorar for Sola med åtte mål, Kristine Stangeland scora sju.

Tøff motstand i semifinalen

– I dag fekk publikum valuta for pengane. Det kan vel ikkje bli meir spanande enn det var i dag. Me sleit veldig med å koma inn i kampen, etter ein mentalt krevjande kamp i serien mot Gjerpen for berre få dagar sidan. Jentene gjer det spanande, men til slutt viser dei kven det er som skal til semifinalen, seier trenar Knut Ove Joa.

Sola møter Tertnes (5.-plass på tabellen), Larvik (1.-plass i eliteserien) eller Vipers (2.-plass i eliteserien) i semifinalen, kven det blir blir klart på fredag.