Hopp til innhold

Her slår sjokkbrekk-banden til

Sjå korleis den frekke banden tømmer Expert-butikken i Sandnes for store verdiar på under ti minutt.

Sjokkbrekk på Expert

OVERVAKINGSVIDEO: På videoen kan ein minst sjå tre maskerte menn som effektivt tømmer Expert-butikken for store verdiar.

Politiet har framleis ingen mistenkte etter to sjokkbrekk i Stavanger og Sandnes i slutten av mai. Nå går dei ut med overvakingsvideo frå det eine brekket.

Det var natt til 21. mai blei ein stolen bil brukt til å køyra ned inngangsdøra i ein Expert-butikk på Forus i Sandnes. I løpet av kort tid blei butikken tømt for varer verdt fleire hundre tusen kroner, av gjerningsmenn som ikkje akkurat oppfører seg som amatørar.

To netter etterpå skjedde det same igjen, men denne gong i Stavanger sentrum. Ein stolen bil køyrde ned døra til Stavanger Foto, og butikken blei tømt for fotoutstyr til millionverdiar. Politiet kalde innbrota for sjokkbrekk, og ser på dei i samanheng.

Bil som rambukk, innbrudd hos Expert i Stokkamyrveien på Forus/Lura

SJOKKBREKK: Denne døra blei køyrd ned av ein stolen varebil på Expert-butikken på Forus i Sandnes.

Foto: Ronny Hjertås

– Så langt har me ingen mistenkte, seier politiførstebetjent, Sven Arne Oftedal, ved Sandnes politistasjon.

Dei går nå ut med overvakingsvideoen frå Expert-butikken i Sandnes i håp om at det kan føra til tips i saka. På videoen kan ein minst sjå tre maskerte menn som effektivt tømmer Expert-butikken for store verdiar.

I Stavanger verka ikkje overvakingskamera i sentrum, så der har dei ikkje overvakingsbilete.

To sjokkbrekk

Sidan natt til laurdag har det vore to sjokkbrekk på Nord Jæren. Eitt på Expert i Sandnes og eitt på Stavanger foto i Stavanger.

TO BREKK: Det er nå meir enn to veker sidan sjokkbrekka i Stavanger og Sandnes. Førebels er ingen mistenkte i saka.

Kan ha funne fluktbil

Det største framsteget politiet har gjort i saka så langt er at dei truleg har funne fluktbilen til gjerningsmennene. Det kunne Stavanger Aftenblad fortelja i dag.

Det er snakk om to Audiar, som blei stolne i Sandnes like før brekket i Stavanger. Den eine blei brukt som rambukk i brekket, og den andre blei funnen ved Eiganes gravlund i helga. Dei trur at dette kan vera tjuvane sin fluktbil.

Sjokkbrekk-banden

– Dei to Audiane blei stolne på ganske same tidspunkt i same område i Sandnes. Tekniske undersøkingar gjort i begge bilane vil forhåpentleg gi oss svar på om bilen som nå er funnen blei brukt som fluktbil, seier etterforskningsleiar, Vegard Sandland, ved Stavanger politistasjon til avisa.

Han fortel at dei framleis trur at brekka er utført av same folk.

– Me ser dei to innbrota i samanheng, seier Sandland.

Bilen som ble brukt

STOLEN BIL: Denne stolne Audien blei brukt til å køyra inn døra i Stavanger Foto, nå trur politiet at dei har funne bilen som dei flukta i.

Foto: Ronny Hjertås