Hopp til innhold

Her flyttar det snart inn 240.000 bier

Inne i denne sirkelen skal det plasserast fire bikuber, med bier som haustar pollen frå alle hagar i Stavanger sentrum.

Biehus i Stavanger

JOHANNESPARKEN: Like nedanfor Sankt Johannes kirke på Storhaug i Stavanger står biene sitt nye hus.

Martina Andersson

Arkitekt Martina Andersson har designa det nye huset til biene i Stavanger.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Sjølve byggverket er inspirert av honningbiene sine heksagon-celler. Dei er plassert i ein sirkel for å skjerma biene, og for at folk i parken ikkje skal kjenna seg utrygge, seier den svenske arkitekt bak det nye biehuset i Stavanger, Martina Andersson, som saman med arkitekt Imke Wojanowski har utvikla prosjektet.

Det er i Johannesparken i Stavanger at biehuset dei siste månadane har reist seg to og ein halv meter høg og seks meter i diameter. I løpet av april skal det koma på plass glasvindauge og fire bikuber, som skal plasserast inne i sirkelen.

Populært internasjonalt

Dei siste åra har det vore stort fokus på at det blir færre bier i verda, utan at ein heilt forstår kvifor. Dette har ført til eit auka engasjement for bier fortel arkitekten.

– Dette er det første biehuset i Stavanger, men internasjonalt er det allereie ei stor greie. Fleire arkitektar og frivillige som kjempar for miljøet lagar liknande bygg for å marknadsføra biene, seier Andersson.

I Oslo har arkitektfirmaet Snøhetta designa bikube-hus på taket til mathallen.

Det er Stavanger kommune som står bak satsinga på Storhaug.

– Me ønsker at biene skal bli betre kjende for folk, og for å visa at byen også er ein levestad for biene, ikkje berre landsbygda. Dei 240.000 biene som skal koma hit vil nok vera innom dei fleste hagane i Stavanger sentrum i jakta si etter pollen, seier prosjektleiar Imke Wojanowski.

Biehus i Stavanger

NØGDE MED BIEHUS: Frå venstre arkitekt Martina Andreasson, birøktar Morten Svanes og Imke Wojanowski frå Stavanger kommune.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Designkuber i Oslo

Onsdag 25. juni 2014 ble Vulkan Bigård offisielt åpnet, og designkubene ble vist frem for første gang.

25. JUNI 2014: Oslo får designkuber på taket til Vulkan.

Kan bli byhonning for sal

I første omgang er det Morten Svanes frå Rogaland Birøkterlag sine bier som skal få den sentrumsnære bustaden, men målet er at andre skal ta over.

– Målet er at nokon som bur i nærleiken tek over, og at det dremed bli forankra i lokalsamfunnet her, seier Svanes.

Biene flyttar truleg inn i slutten av april.

– Dersom det blir produsert mykje honning i sommar håper me at den kan seljast til dømes i Mathallen, avsluttar Wojanowski.