Hopp til innhold

Brukte tennene for å redda hjelpelaus kattunge

Over to dagar var ti frivillige involvert med å redda ein kattunge under jorda. – Eg er skikkeleg imponert over innsatsen, seier ho som først oppdaga mjauinga.

Robin Nekstad redder ein kattunge frå det underjordiske røyrsystemet

Her har endeleg Robin Nekstad klart å få fatt i katten. Han måtte bruka munnen, sidan han trong hendene sine til å åla seg i den tronge vassfylte røyret.

Foto: Kattealliansen

Det var laurdag kveld søstrene Linn-Beate Paulsen og Marita Norem oppdaga ei svak mjauing då dei var ute og gjekk på Forsand.

– Eg gjekk mot mjauinga og oppdaga at det kom frå ein djup brønn. I brønnen var det fleire røyr der vatnet renn under jorda, fortel Paulsen.

Katten kan skimtast inne i eitt av røyra.

Kattungen kan skimtast inne i eitt av røyra

Foto: Lucas organisasjonen

Det var Strandbuen som først omtalte det som kom til å bli ein særs spesiell redningsaksjon.

Dei tre kvinnene fekk fatt i ein stige, og sette han ned i brønnen. Mora deira kom også til.

– Det var mor som klarte å krypa lengst inn i røyret der mjauinga kom frå. Ho kom eit stykke inn, men ikkje langt nok, fortel ho.

Frivillige rykka ut laurdag kveld

Dermed ringde ho brannvesenet, som fortalde at dei ikkje kunne hjelpa, men dei gav nokre råd om kva som kunne gjerast.

Då dei heller ikkje klarte å lokka katten ut med mat, søkte dei hjelp på Facebook.

Linn-Beate Paulsen og Marita Norem

Søstrene Linn-Beate Paulsen og Marita Norem var ute og gjekk tur då dei oppdaga ei svak mjauing frå ein brønn.

Foto: Sindre Kirkaas Normann / NRK

– Eg spurde om nokon hadde ei kattefelle me kunne prøve med. Sjølv om klokka nå var seint laurdag kveld tok kattealliansen på Jørpeland kontakt, fortel Paulsen.

Det kom to frivillige ut. Og hjelpte til med fella.

– Det var bekmørkt. Me stod til anklane i vatn, sniglar og froskar, samstundes som me høyrde mjauinga. Det er ikkje det kjekkaste eg har vore med på, fortel Toni Ravn Dick, frå Kattealliansen.

I løpet av natta passa Linn Beate og mora på fella, men katten gjekk ikkje inn.

Sundag morgon måtte dei konstatera at denne metoden heller ikkje fungerte.

Brønnen med katten

Ut frå denne brønnen går det fleire røyr. Her kunne ein tydeleg høyra mjauinga.

Foto: Kattealliansen

Gjekk inn i ny røyr

Det var kraftig regn i vente, så nå hasta det med å få kattungen ut. Fleire hadde nå svara på Facebook-innlegget, mellom anna Robin Nekstad frå den frivillige organisasjonen Luca.

– Eg såg meldinga og tenkte eg ville hjelpa. Problemet er berre at eg ikkje har lappen, og at Forsand er om lag ein time køyring unna Øksnavad, der eg bur.

Men med gode venar var ikkje det noko problem likevel. I eitt tida på sundag var han på plass saman med tre andre gode hjelparar.

Dei ålte seg inn i den smale røyret, men sleit. Heilt til dei tok seg ein pause.

– Då smatt katten ut av den smale røyret og inn i ein større, fortel Nekstad.

Dette er ein 300 meter lang røyr, som leia vatnet ned til ei elv. Røyret var såpass stor at dei nå kunne gå to personar inn frå kvar sin ende.

Katten inne i røyret

Her har Robin Nekstad endeleg fått fatt i katten.

Robin Nekstad går ned i eitt av røyra.

Tidlegare gjekk han inn i røyret med god hjelp frå frivillige som held nettingen oppe.

Kattunge blir redda

Katten blir overlevert til Kattealliansen.

Katten får omsorg

Etter kvart skal katten bli kastrert, få ID-merke og vaksinar. Deretter blir ho lagt ut for adopsjon.

Tok katten i munnen

– Etter om lag femti meter fekk eg fatt i katten. Eg hadde lykt og telefon i hendene, og måtte bera han i munnen. På same måte som kattemora ber kattungane, fortel Nekstad.

Dei frivillige frå Kattealliansen tok seg av katten, og sjølv om han var kald, ser det ut som om historia får ein lukkeleg slutt.

– Katten kjem seg. Ho går saman med eit anna kull nå og får kjærleik og nærleik frå dei. Det ser veldig bra ut, seier Toni Ravn Dick, frå Kattealliansen.

– Skikkeleg imponert

Linn Beate-Paulsen, som sette i gang redningsaksjonen, var klar over at det fanst eit miljø av frivillige. Likevel overgjekk dette det ho hadde sett føre seg då ho spurde om hjelp.

– Eg er skikkeleg imponert over innsatsen, og veldig takksam, fortel Paulsen.

Ho trur katten kom inn gjennom eit røyr utan netting, og fall ned i brønnen ved enden av den. Ho liker ikkje at slike røyr får stå opne. Men når uhellet først var ute, var det ein sjølvfølgje å hjelpa til, ifølgje Nekstad.

– Det er jo viktig å hjelpa dei som ikkje klarer å hjelpa seg sjølv. Det var jo meldt regn, så det hasta, seier han.

Den raude stipla lina viser det 300 meter lange røyret, som katten til slutt gjekk inn i.