Her nyt dei mai-sommaren

Rogaland har hatt dei høgste temperaturane i landet etter sola kikka fram i Sør-Norge. Her kan du sjå korleis folk har kost seg med sommaren i Stavanger i dag.

Video Sommer i mai

VIDEO: NRK-reporter Marthe Kindervaag tok pulsen på badeplassen Godalen i Stavanger i dag.

Maisommer i Stavanger

Det blei for varmt for taxisjåfør Steinar Bjørheim i dag.

Foto: Erik Waage / NRK
Maisommer i Stavanger

Hege Walquist og Andrea Næss skulka skulen for å få sol.

Foto: Erik Waage / NRK
Maisommer i Stavanger

Eit stup på Godalen.

Foto: Erik Waage / NRK
Maisommer i Stavanger

Nokon kasta nesten av seg alt.

Foto: Erik Waage / NRK

Solkrem, bading i sjøen og iskrem har prega dei siste to dagane i Sør-Norge.

For sjølv om det berre står mai på kalenderen, lar ikkje folk seg be to gonger når sola først kikkar fram. Men ikkje berre har det vore sol, gradestokken har fleire stader klatra over 26 grader.

Skulkar skule for sol

På Godalen i Stavanger var det eit yrande folkeliv onsdag føremiddag. Og nokon hadde gått lengre enn andre for å nyta sola.

Hege Walquist og Andrea Næss skulle eigentleg vore på skulebenken. Men i dag freista det mindre enn sjøkanten.

– Me skulkar kanskje litt, seier Andrea og ler. Etter ein kald 17. mai har ho lengta etter det gode sommarvêret.

Framføre dei to jentene nyttar folk seg også av stupebrettet, og saltoane er både enkle og doble.

Varmen fører til flaumvarsel

Den glade nyheita er at det skal halda fram med å vera varmt, men medaljen har alltid ei bakside.

Den høge temperaturen gjer at det også har blitt varsla flaum i Sør-Norge. Det skjer på grunn av større snøsmelting i fjellområda.

Dessutan er det ikkje alle som liker sommaren like godt. Utan aircondition i bilen, blei det alt for varmt for taxisjåfør Steinar Bjørheim.

– Det er grufullt. Eg rullar ned vindauga, men det er framleis for varmt, seier Bjørheim.

På det varmaste har det vore over 26 grader i Stavanger i dag, så taxisjåføren har kanskje grunn til å klaga.