NRK Meny
Normal

Løfta 14 barn på julemesse

– Det er det tyngste løftet eg har gjort, seier «strongman» Morten Aamodt (24), om julemesse-stuntet.

Morten Aamodt

TUNGT LØFT FOR MISJONEN: Julemessa på Tryggheim vgs. på Nærbø var noko utanom det vanlege. (FOTO: NORSK LUTHERSK MISJONSSAMBAND / STEIN AARSLAND)

Han er Rogalands sterkaste mann, personleg kristen og han brenn for arbeidet norske misjonærar gjer i utlandet. Derfor var det ikkje vanskeleg for 24 år gamle Morten Aamodt frå Nærbø å seia ja, då han blei spurt om å underhalda på julemessa til Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) på Nærbø i helga.

Han gav seg sjølv ei real utfordring, med høg underhaldningsverdi. Løfta 14 barn, og bera dei fem meter bortover golvet.

450 kilo

– Det er veldig vanskeleg å bera barn samanlikna med å bera vekter. Årsaka er at med barn så er vekta meir ujamt fordelt, fortel Aamodt.

Stativet barna sit på blir i strongman-miljøet kalla Yoke, og den samla vekta på stativ og barn var om lag 450 kilo.

– Eg sleit veldig, men det var ein enormt bra heiagjeng på julemessa som løfta meg fram, til slutt gjekk det akkurat. Det er det tyngste løftet eg har gjort, samstundes er det noko av det kjekkaste eg har vore med på som «strongman», seier han.

Arild Haugen

IMPONERT: Arild «Hulk» Haugen har blitt kåra til norges sterkaste mann to gonger, han har også vore med i konkurransen «Worlds Strongest Man». Han er imponert over stuntet til Aamodt.

Aamodt sjølv hevdar at dette er uoffisiell noregsrekord i å løfta barn. Arild «Hulk» Haugen, som har konkurrert i «Worlds Strongest Man», og tidlegare løfta tolv barn, ser ikkje vekk frå at han har rett i det.

– Imponerande

– Det er veldig imponerande å løfta 14 ungar, det står det respekt av. Det som likevel er det kjekkaste her er at han bruker Strongman-ferdigheitene sine til inntekt for ei god sak. Det er fantastisk kjekt å høyra, seier Haugen.

Dette siste er også ansvarleg for julemessa, Bjarte Gudmestad, glad for.

– Tanken var å skapa litt liv å røra på julemessa. Nokon lagar ting for oss, nokon syng og nokon spelar. Morten løftar tunge ting, så då var det hans bidrag, seier Gudmestad om den sterkaste mannen som går i forsamlinga deira.

Det gjekk ein hatt rundt medan løftinga gjekk føre seg, og det kom inn litt over tusen kroner i kollekten. Samla kom det inn meir 300.000 kroner på julemessa.

– Dei gjer eit fantastisk arbeid med å hjelpa til i utlandet. Dette er noko eg brenn veldig for, derfor var det svært kjekt å få vera med på dette.