NRK Meny
Normal

Her ligg «Wyvern» på havbotn

50 meter under havoverflata i Østersjøen ligg den 60-fot lange Colin Archer-skøyta, «Wyvern», som blei bygd av tre i 1897, og som gjekk ned førre veke. Håpet er at hevinga av båten kan byrja i midten av august.

Undervassvideo viser at «Wyvern» har gått ned på ein gunstig måte, som kan gjera bergingsarbeidet enkelt.

Sjå videoen frå svenske Kustbevakningen. Opptaket er gjort laurdag 13. juli i Østersjøen mellom Öland og Gotland i Sverige.

«Wyvern» når den var seglbar

«Wyvern»: Dette skal vera den flottaste lystbåten legendariske Colin Archer frå Larvik har laga.

Foto: Stavanger museum

I dag blei videoen svenske Kustbevakningen har gjort av den forliste Stavanger-skøyta «Wyvern» offentleggjort.

Videoen syner at den ligg med mastene opp, noko som gjer at det vil vera ein grei jobb å heva båten, som gjekk ned under regattaen Tall Ships' race, på etappen mellom Aarhus og Helsinki, torsdag førre veke.

Kan bli heving i august

Håpet til fungerande direktør ved Stavanger maritime museum, Bitten Bakke, er at hevinga kan starta allereie i midten av august.

– Me er nå i forhandling med to oljeselskap. Me prøver å finna ut kva det vil kosta om dei skal gjera jobben, seier Bakke til NRK.no.

Ho seier at forhandlingane truleg vil vera over i morgon, og om ein avtale går i boks, kan hevinga allereie byrja i midten av august. Går ikkje avtalen i boks går dei over til plan b.

– Me er også i forhandlingar med eit dansk redningsselskap, seier Bakke.

Viktig å heva båten

Ho understrekar at skøyta er eit flytande kulturminne, som ikkje berre har eit namn utanfor Stavanger, men også utanfor Norge.

– Båten er eit av dei flottaste designa til Colin Archer, og «Wyvern» går for å vera den flottaste lystbåten han har laga. Dessutan er det viktig for museet og ha ein slik båt, slik me kan halda fram med å læra vekk korleis dei segla for 100 år sidan, seier ho.

Det har kome inn lovnader om pengar for å få heva «Wyvern» både frå det offentlege og det private etter båten gjekk ned førre veke. Ein mann døydde i forliset.

SJÅ TV-SAK:

Både politikarar, næringsliv og privatpersonar engasjerar seg for å sikra at Stavanger Wyvern blir heva og restaurert. Den gamle museumsbåten forliste utanfor Sverige i går, og ligg nå på 50 meters djup.

ARKIV: Dette er truleg dei siste filmsnuttane som er tatt frå «Wyvern», før den gjekk ned.