Hopp til innhold

Her klikkar det for Høgre-gjengen i Stavanger

Aleksander Stokkebø (22) fekk personleg takk i Erna Solberg sin sigerstale. Her kan du sjå kor overraska han blei.

22-åringen kan havne på Stortinget

Aleksander Stokkebø fekk ros frå Erna Solberg for å ha vore på 2070 husbesøk under valkampen.

– Eg skal takka nokon som kanskje har ytt litt meir enn andre. Til dømes Aleksander Stokkebø som er ungdomskandidat i Rogaland Høgre. Aleksander har hatt 2070 husbesøk, og Rogaland Høgre har lova at dei skal spandera nye sko på han.

Dette sa Erna Solberg i sigerstalen sin, som mellom anna blei spelt av på storskjerm på Gaffel og Karaffel i Stavanger, der Høgre hadde valvake sitt. Stokkebø blei tilfeldigvis intervjua av NRK Rogaland framføre storskjermen då dette skjedde.

– Hæ, var alt han fekk sagt før jubelen ruva i heile lokalet, og folk slengde seg om halsen hans.

Aleksander Stokkebø frå Høgre

Aleksander Stokkebø frå Høgre har vore svært ivrig i valkampen.

Foto: Mathias Oppedal

Sterkt val av Rogaland Høgre

– Den hadde eg ikkje sett koma. Dette er ein stor kveld, nå håper me berre dette held heilt inn, sa Stokkebø etter å ha fått summa seg litt.

Noko overraskande ligg han an til å koma direkte inn på Stortinget, som femtekandidat for Rogaland Høgre. Med Bent Høie i regjering så vil Høgre også få inn sjettekandidaten sin, Aase Simonsen.

Stortingsrepresentanter i Rogaland

RESULTAT100 % opptaltOppdatert 06.10.2017, kl. 13:04
  1. Bent Høie
    52 år, Høyre
  2. Hadia Tajik
    40 år, Arbeiderpartiet
  3. Solveig Horne
    55 år, Fremskrittspartiet
  4. Tina Bru
    38 år, Høyre
  5. Torstein Tvedt Solberg
    39 år, Arbeiderpartiet
  6. Roy Steffensen
    43 år, Fremskrittspartiet
  7. Olaug V. Bollestad
    62 år, Kristelig Folkeparti
  8. Sveinung Stensland
    51 år, Høyre
  9. Geir Pollestad
    45 år, Senterpartiet
  10. Hege Haukeland Liadal
    51 år, Arbeiderpartiet
  11. Margret HagerupNY
    37 år, Høyre
  12. Terje HallelandNY
    58 år, Fremskrittspartiet
  13. Øystein L. HansenNY
    60 år, Arbeiderpartiet
  14. Utjevningsmandat
    Solfrid LerbrekkNY
    26 år, Sosialistisk Venstreparti