Hopp til innhold

Her jublar dei for Michelin-stjerne til Stavanger

KØBENHAVN/STAVANGER: For første gong får ein restaurant i ein norsk by utanfor Oslo Michelin-stjerne.

Michelin-stjerne til Re-Naa i Stavanger.

VIDEO: Restauranten til Sven Erik Renaa fekk i dag ei Michelin-stjerne.

Onsdag blei det kjent at restauranten Re-Naa i Stavanger er med i den prestisjetunge Michelin-guiden.

Stavanger-restauranten får ei stjerne. Det får også Kontrast i Oslo, mens Maaemo i Oslo får heile tre stjerner. Samtidig beheld Fauna og Stadtholdergaarden i Oslo ei stjerne kvar.

Sjefen for Re-Naa, Sven Erik Renaa, var på plass i København der guiden blei offentleggjort.

– Eg har visst dette ein dag meir enn resten av folket, så det er først og fremst utruleg herleg å få fortalt dette til resten av verda, seier Sven Erik Renaa til NRK.

Han seier dette er ein stor dag både for Stavanger og resten av landet.

– Dette har vore fantastisk, så eg er «superhappy».

Jubel i Stavanger

Og medan restauranteigar Sven Erik Renaa kunne sleppa jubelen laus i Danmark, kunne kona Torill jubla frå restauranten i Stavanger. Ho driv den ferske Michelin-restauranten saman med mannen.

– Dette er kjempestort for oss. Me er veldig glade og letta. Nå får me betalt for alt arbeidet med har lagt ned i restauranten.

Ho seier dei har levd i håpet om stjerne og at det er all grunn til å spretta sjampanjen i dag.

– Nå skal me vera veldig glade. Og så kan eg lova at det blir fint å vera gjest på Re-Naa i kveld. Me skal bera våre gjester på gullstol.

– Kva betyr dette for Stavanger?

– Dette er positivt for byen og regionen vår. Det betyr mykje for oss. Me er stolte av å halda til i Stavanger.

(Artikkelen held fram under videoen).

Intervju med Sven Erik Renaa

VIDEO: Sjå intervju med Sven Erik Renaa.

Ein merkedag

Dette er første gong andre norske byar enn Oslo får Michelin-stjerne, og med andre ord ein merkedag for norsk gastronomi.

Det er mange som meiner at det var på høg tid at byar som Stavanger også kom med i Michelin-guiden.

Blant dei Eyvind Hellstrøm. Han har sagt at Re-Naa lenge har vore meir enn gode nok til stjerne, og kritisert guiden for å ikkje ha eit breiare nedslagsfelt.

– Hos Michelin er ei stjerne definert som ein bra restaurant med spesielt bra mat og vel verdt eit besøk. Dette lever jo Re-Naa opp til med god margin, seier han.