Hopp til innhold

Her havner taparane i psykiatrien

Låste dører har blitt ei kvilepute for psykiatrien, meiner leiinga ved Åna fengsel på Jæren. Dei innsette som ikkje får nok hjelp kan bli sjukare, advarer fengselsleiaren.

Låste dører har blitt ei kvilepute for psykiatrien, meiner leiinga ved Åna fengsel på Jæren. Dei innsette som ikkje får nok hjelp kan bli sjukare, advarer fengselsleiaren.

VIDEO: Betjent Anita Knutsen viser fram beltesenga som blir brukt på innsette som er utagerande, og er farlege for seg sjølv og andre.

Metallisk klirring frå eit tungt nøkkelknippe i kjellarmørket ved Åna fengsel, og ei langt tyngre dør går opp. Varm og fuktig luft gjev vage kvelingskjensler, og betjenten viser oss inn med steinfjes.

Ei belteseng i lysegrønt skinn står tom. To tryggingsceller står også tomme i dag, men alt for ofte er desse i bruk.

Psykisk sjuke innsette i norske fengsel er taparane i psykiatrien, meiner leiinga og helsetenesta ved Åna fengsel.

– 70 prosent er psykisk sjuke

– Frå vår ståstad så er det alt for mange innsette i norske fengsel som me burde ha handtert med eit anna utgangspunkt, seier fengselsleiar Ingeir Klemetsrud.

Han anslår at rundt 70 prosent av dei som soner på Åna har psykisk sjukdom av varierande art, grad av alvor og behov for behandling.

Behandling mange ikkje får.

– Me har for få ressursar til å følga opp den enkelte, og helsevesenet har for lite ressursar, seier han.

Åna fengsel

Åna fengsel har om lag 180 innsette, mange av desse med psykiske lidingar ifølge fengselsdirektøren.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Det er tilsett ein psykolog ved fengselet. Han arbeider ein dag i veka. Dei har òg ein psykiater – som arbeider to dagar i månaden.

Desse to skal dei ta seg av rundt 180 innsette.

Ikkje i nærleiken av nok, meiner psykiatrisk sjukepleiar Olaug Enåsen i helsetenesta ved fengselet.

Meiner lås og slå blir kvilepute

Olaug Enåsen

Psykiatrisk sjukepleiar Olaug Enåsen er frustrert over det ho opplever som ein pressa situasjon.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Eg etterlyser meir ressursar og hjelp frå spesialisthelsetenesta når det gjeld alvorleg depresjon, innsette som er suicidale, og ikkje minst dei som me mistenker at har underliggjande psykotiske lidingar, seier Enåsen.

Ho mistenker at fengselet blir brukt som kvilepute for psykiatrien, då pasientane er under oppsyn og forvaring når dei blir skrivne ut.

Kva konsekvensar har dette for dei det gjeld?

– Sjukdom kan eskalera, og folk blir meir alvorleg sjuke enn det som ville vore tilfelle om dei kom raskt i behandling og utrdening.

– Føler at me stangar hovudet i veggen

Helse Stavanger seier i ein epost til NRK at dei vurderer tilvisingar frå fengselet på vanleg måte, og at «sjukehuset vurderer tenestetilbodet i dag som forsvarleg».

Fengselsleiar Klemetsrud er ikkje einig.

– Dersom me slepp ut folk som ikkje er ferdig behandla, så vil dei vera ein risiko for mannen i gata. Dette er den yttarste konsekvensen.

Åna fengsel

Leiinga ved fengselet meiner låste dører i fengselet blir ei kvilepute for psykiatrien.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Sjukepleiar Enåsen nemner menneskeverd som ein anna konsekvens.

– Det er inhumant å måtte sitja innelåst på ei fengselscelle med psykisk sjukdom og vite at ein treng hjelp, seier ho med hardt blikk.

– Situasjonen er til tider svært frustrerande. Me føler at me driv konstant brannsløkking, og berre får teke toppane av alvorlege situasjonar.