Hopp til innhold

Her gløymde dei å flagga på frigjeringsdagen

Utanfor Statens hus sine lokale i Lagårdsveien i Stavanger blei det ikkje flagga om morgonen på frigjeringsdagen.

Statens Hus

Fleire har reagert på at det ikkje blei flagga på Statens hus i Stavanger på frigjeringsdagen. Bilete er tatt fredag morgon.

Foto: Eirik Gjesdal

På Statens hus i Stavanger har det fredag morgon vore fleire interne reaksjonar på at det ikkje blei flagga på frigjeringsdagen – 70 år etter at andre verdskrig tok slutt.

– Fleire har reagert. Og på vegner av staten legg eg meg langflat. Klart det skal flaggast på frigjeringsdagen, spesielt på 70-årsdagen, seier kommunikasjonssjef hos Fylkesmannen i Rogaland, John Gunnar Skien.

Han fortel at det er eit vaktselskap som skal sørgja for å heisa flagga på Statens hus, og at det er her glippen har skjedd.

– Dette er ein beklageleg glipp, men nå er flagga på veg opp, seier Skien.

Klokka 08.50 blei flagga heist opp utanfor lokala til Statens hus.

Ikkje Skatt vest sine flaggstenger

Også utanfor Skatt vest sine lokale i Lagårdsveien står flaggstengene tomme for norske flagg fredag morgon.

– Desse flaggstengene høyrer ikkje til Skatt vest, men er ein del av ein parkeringsplass, seier kommunikasjonsansvarleg hos Skatt vest, Arne Lutro.

Han ser at folk kan stille spørsmål til kvifor det ikkje er heist opp flagg på frigjeringsdagen utanfor skattekontoret sine lokale.

– Hadde det vore våre flaggstenger, ville me heist opp flagg på ein dag som dette, seier Lutro.

Skatt vest

Tomme flaggstenger utanfor Skatt vest sine lokale i Stavanger fredag morgon. Flaggstengene høyrer ikkje til Skatt vest.

Foto: Eirik Gjesdal