NRK Meny
Normal

Her gir August (11) regjeringa raudt kort

Redd Barna kritiserer regjeringa si behandling av einslege mindreårige asylsøkarar. Barneambassadør August Knutsen (11) ordna fotballcup for asylbarna i Stavanger og meiner politikarane kunne gjort meir.

Raudt kort til regjeringa

VIDEO: Her møter August Knutsen (11) SV-leiar Audun Lysbakken. Lysbakken får servert Redd Barna sin dom over regjeringa sin barnepolitikk.

11-åringen møter SV-leiar Audun Lysbakken på Midjord stadion i Stavanger. Han er blant dei 15 barna i Redd Barna si nyoppretta barne – og ungdomsambassadørgruppe.

Med seg har han Redd Barna sin dom over regjeringa sin barnepolitikk. Det er den han nå skal gi til SV-leiaren – som igjen blir bodbringar til regjeringa.

– Erna Solberg gjer ikkje ein god nok jobb, meiner 11-åringen.

«Barnometeret»

Mai Simonsen

Kampanje- og medierådgivar i Redd Barna, Mai Simonsen.

Foto: Ole Andreas Bø

Det er tredje året på rad Redd Barna lanserer «Barnometeret», ein rapport som ser på kva regjeringa har gjort for barn i Norge og internasjonalt (les heile rapporten her).

Her får regjeringa kort i ulike fargar; grønt (bra), gult (delvis levert) og raudt (sviktar barna), på ti ulike område, fem nasjonale og fem internasjonale tema.

I år får regjeringa tre raude, seks gule og berre eitt grønt kort (av ti moglege, sjå faktaboks).

– Denne regjeringa får tre raude kort på tre område som er veldig viktige for oss i Redd Barna. I år synst me ikkje regjeringa har levert så bra, seier kampanje- og medierådgivar i Redd Barna, Mai Simonsen.

– Dei leverer heilt middelmåtig på barnepolitiske spørsmål. Det handlar om barnefattigdom i Norge, kva behandling einslege mindreårige asylsøkarar får når dei kjem til landet og generelt andre område kor barn sine rettar blir brotne, legg Simonsen til.

August og Audun

August Knutsen (t.v.) og Audun Lysbakken er einige om at regjeringa sin barnepolitikk kan bli betre.

Foto: Ole Andreas Bø

Tøff dom til Erna

I vår arrangerte August (11) fotballcup for dei mange asylbarna i Stavanger (sjå video i denne lenka). Han er derfor mest opptatt av det raude kortet regjeringa får for deira innsats for einslege mindreårige asylsøkarar.

– Turneringa me fekk i stand var berre gøy. Dette er også noko politikarane kunne gjort. Det kunne også blitt arrangert handballturneringar for dei som likar det.

Det er med andre ord ein tøff dom SV-leiar Lysbakken har fått i oppgåve å levera til regjeringa, når han nå skal vidarebringa årets «barnometer».

– Men eg er veldig einig med August. Det er viktig å behandla dei som kjem åleine på flukt betre, og så er eg veldig einig i at det er nødvendig å gjera noko med barnefattigdommen i Norge.

– Men også du som sit i opposisjon kan påverka. Kva kan du gjera med dette?

– Me kan vera med å setja dagsorden og pressa regjeringa på dei tinga August og andre ikkje er fornøgde med. Det er utruleg bra med barn som seier frå sjølv.