Hopp til innhold

Her går kråka til angrep

Etter å ha blitt angripen av kråker fleire gonger, tok NRK-fotografen fram iPhonen. Nok ein gong slo kråka til.

NRK-fotograf har fleire gonger blitt angripen av kråker. Denne gongen fekk han det på film.

– Eg skvatt ganske godt, seier NRK-fotograf Erik Waage.

Han har dei siste dagane blitt angripen av kråker fleire gonger. Det har skjedd på same staden, på ein sti ved Rudlå i Stavanger.

– På laurdag vart eg angripen to gonger av same kråka. Eg måtte til slutt gå baklengs for å følgje med på at ho ikkje kom etter meg, seier Waage.

Då han skulle gå same vegen på sundagen, hadde han kameraet klart.

– Eg tenkte at eg måtte få det dokumentert. Og då kom det pigede ei kråke etter meg igjen.

Har det med hekketida å gjere?

Han har sine eigne teoriar om kvifor kråkene er så aggressive.

– Eg har lese meg litt opp i etterkant, og har funne ut at grunnen til at dei er så hissige, kan vera at det er hekketid. Så no har eg bestemt meg for å halde meg unna Rudlå, fram til dei er ferdige med det, seier Waage.

Han har ikkje blitt skadd i angrepa, men tek likevel ingen sjansar.

– Eg har høyrt at kråkene kan vera ganske langsinte, så det er ikkje akkurat ein fugleart eg har lyst til å legge meg ut med.

Ekspert: – Svært uvanleg

Ornitolog Øyvind Gjerde i Stavanger er overraska over kråkeangrepet.

– Dette har eg aldri opplevd før. Kråkene er ikkje rekna som aggressive, seier han.

Gjerde har dei siste åra vore tett på dei svarte fuglane, og inspisert fleire reir. Kråkene har aldri vist teikn til angrep, og eksperten meiner det berre finst ei naturleg forklaring på kråkeangrepet i videoen:

– Det må ha med hekketida å gjere. Våren har vore kald, så eg trudde det var nokre dagar før ungane skulle ut av reiret. Den fornuftige forklaringa er at dei små alt er ute, og at personar som kjem for nær reiret, blir jaga vekk, seier Gjerde.