Hopp til innhold

– June, kvifor har du forskjellige sokkar på deg?

Fem år gamle June frå Bryne er ei av fleire som har gått med ulike sokkar på verdsdagen for Downs Syndrom. Her forklarar ho kvifor.

Fem år gamle June frå Bryne er ei av fleire som har gått med ulike sokkar på verdsdagen for Downs Syndrom. Sjølv har ho ein bror med Downs Syndrom.

Mange har i dag gått med forskjellige sokkar. Her fortel June (5) kvifor ho har gjort det.

June og Tobias

June saman med sin to år gamle bror Tobias.

Foto: Privat

– Eg synst det er bra at folk er ulike. At nokon har brun hud, og at nokon ikkje har det. Og så synst eg det er fint at nokon har downs, og at nokon ikkje har downs. Og at nokon ikkje kan ha gluten, det synst eg er bra.

Dette er noko av det den reflekterte femåringen svara då mora Maria Erfjord Serigstad spurde henne om kvifor ho går med ein av kvar sokk.

June har nemleg ein veslebror på to år, som har Downs syndrom, som ho er veldig glad i, og ulike sokkar har blitt måten å markera verdsdagen for Downs syndrom.

Barnehagen markerte dagen

Videoen blei lagt ut for eit par dagar sidan for å minna venar og kjende på at denne dagen var like rundt hjørnet, men den nådde mykje lengre enn som så.

– Me har fått ein overveldande respons. Det er tydeleg at June seier noko som har treft godt hos folk, for nå er det fleire tusen som har sett videoen. Den har blitt likt, delt og kommentert av folk me ikkje ein gong veit kven er, seier far til June, Eirik Serigstad.

I dag markerte heile barnehagen der June går Downs-syndrom-dagen, og på grunn av videoen fekk June halda appell om kvifor det er bra at folk er ulike.

Foreldra er glade for å ha vore med å setja fokus på eit emne dei synst er viktig.

Større engasjement nå enn tidlegare

Nestleiaren for foreininga Ups & Downs Rogaland, Espen Myhre, seier at det har vore eit større fokus på denne dagen i år enn tidlegare. Noko han er glad for.

– Det har nok mellom anna ein samanheng med at ein del profilerte menneske her i landet som har fått nyss om dette og brenn litt for saka, seier Myhre, og trekk fram Kåre Willoch og Ingrid Bjørnov.

– Kva betyr det for deg som foreldre av eit barn med Downs at så mange engasjerer seg?

– Eg set sjølvsagt stor pris på det. Spesielt med tanke på at det i det siste har vore mykje snakk om å få vita om Downs allereie før fødsel, og eventuelt fjerna barnet. Då er det bra at det er ein del folk som står opp og seier at det trass alt er plass til oss alle i samfunnet. Det set jo eg stor pris på.

Fleire sokkebilete frå Instagram