Hopp til innhold

Her får Oilers-spelarane seriepokalen

Tysdag kveld fekk endeleg Stavanger Oilers-spelarane medaljar og serievinnarpokalen.

Oilers pokal

Oilers fekk serievinnarpokalen tysdag kveld.

Foto: Andreas Molland

Det blei likevel tap i siste serierunde for Stavanger Oilers. Siddisane tapte 3–5 heime for Lørenskog.

Men Oilers hadde avgjort serien alt før kampen mot Lørenskog. Derfor kunne den suverene seriemeisteren ta imot medaljar og serievinnarpokalen i DNB Arena.

Kvartfinalane i NM-sluttspelet blei også klare tysdag kveld etter at dei beste laga hadde valt motstandarar.

Kvartfinalane blir spelt slik:

Frisk Asker – Vålerenga, Lørenskog–Stjernen, Sparta Sarpsborg–Storhamar, Stavanger–Manglerud Star.

1. kamp blir spelt fredag, mens 2. kamp går søndag.

Oilers-pokal

Lagbilete i DNB Arena.

Foto: Andreas Molland