Hopp til innhold

Her får ho halda dottera si for første gong

Cecilie Skog klarte ikkje venta. Ho stakk frå sengeposten for å treffa dottera si.

Cecilie Skog klarte ikkje venta etter ein fødsel med komplikasjonar. Ho stakk frå sengeposten for å få halda dottera si.

Her kan du sjå korleis flukten til Cecilie og Aleksander gjekk føre seg.

– Ti ville hestar kan ikkje halda meg tilbake, seier Cecilie Skog til Aleksander Gamme. Dei to har nett blitt foreldre for første gong, men på grunn av komplikasjonar under fødselen har Cecilie Skog framleis ikkje fått halda dottera si.

I andre episode av dokumentaren «FamilieFryd» , får me vera med på den første fødselen for dei to eventyrarane, og ei ganske så uvanleg flukt i etterkant.

– Eg vil helst møte dottera mi

Cecilie Skog ligg på sengepost etter ein fødsel som blei gjort med keisarsnitt. Dottera er på ein annan post under observasjon.

– Nå stikk me, eg vil helst møte dottera mi, seier Cecilie.

Aleksander trillar henne gjennom sjukehuskorridorar til dei til slutt finn fram. Vilja er i fin form og blir plassert i armane på Cecile, for første gong.

Cecilie Skog og Aleksander Gamme er begge kjent for sine ekstreme og eventyrlige liv - med turer til jordens poler og verdens høyeste fjelltopper. Nå skal de gjennom to store forandringer i livet. Cecilie og Aleksander skal bli sjøfarere og småbarnsforeldre.

FAMILIEFRYD: FamilieFryd er tittelen på dokumentarserien om Cecilie Skog og Aleksander Gamme. Her kan du sjå teaseren for programmet.