NRK Meny
Normal

Her får ho «nye» augnebryn

Stadig fleire tatoverer på seg permanent sminke. Fleire aktørar fortel at augnebryn er spesielt populært.

Tatoverer permanente øyenbryn

Hos BeWell Klinikken på Kvadrat i Sandnes legg dei permanent make up mellom håra over auga.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Det var for lite hår. Dei var for lite fyldige og synlege, seier Brit.

Ho har lagt seg på bordet hos BeWell Klinikken på kjøpesenteret Kvadrat i Sandnes. Ho er ei av stadig fleire som vel å tatovera bryna sine finare.

Koster 5000 kroner

Camilla Fugelli

Camilla Fugelli, dagleg leiar hos BeWell Klinikken på Kvadrat i Sandnes.

Foto: BeWell Klinikken

– Fokuset på bryn har eksplodert og permanent makeup er ein måte å style bryna på. Brynstylistar har blitt meir anerkjente og stadig fleire tenkjer på form og farge, seier dagleg leiar ved BeWell, Camilla Fugelli.

NRK har snakka med fleire i bransjen. Både Fab Lounge og Athena Klinikken i Stavanger, Eliteklinikken i Oslo, Ela-klinikken i Trondheim og Annes hudpleie- og makeupstudio i Bergen stadfester trenden.

Ein må lide for skjønnheita, og det må lommeboka og. Pris varierer frå stad til stad, men ligg på pluss/minus 5000 kr. Fugelli ved BeWell tar 5300.

– Kundane er frå 20 til 60 år, og dei kjem frå alle sosiale lag. Me har faktisk nokon menn, menn det er i all hovudsak damer, seier ho.

Ikkje som ei vanleg tatovering

– Eg var ei av de som øydela augnebryna mine i ungdomstida, slik mange gjorde, og har slite med det i alle år, seier Brit.

Tatovering av augnebryn er mindre vondt enn å ta ei vanleg tatovering, fordi nåla berre går i dei øvste hudlaga. I tillegg får kundane bedøving. Det er noko av grunnen til at det har blitt så populært, trur Fugelli.

– Det er mindre avskrekkande for folk. Og så forsvinn det etter tre til fem år, seier ho.