Her får bystyre kjenna på forholda

Høge fartsdumpar og parkerte bilar i gatene var noko av det bussjåføren ville visa politikarane i Haugesund onsdag kveld.

Bystyret på busstur

Bystyret i Haugesund blei med på busstur med leiaren for trafikktryggleiksutvalet i transportarbeidarforeininga lokalt, John Terje Nordskog.

Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

Det er ikkje kvar dag ein full buss med politikarar, for å sjå på bussjåføranes daglege problem.

Men i går kveld stilte nærmast eit fulltalig bystyre i Haugesund til synfaring av fartsdumper og parkeringsproblem i, og utanfor sentrum.

VIDEO: Bli med på litt av turen

Her har bussjåføren med seg heile bystyret i Haugesund, for å fortelja om korleis trafikkreglane i byen blir handheva.

Busstur i Haugesund.

– Ikkje humoristisk med skrik

– Nå kan dei med sjølvsyn sjå kva problem me må leva med kvar dag, seier John Terje Nordskog, som er leiaren for trafikktryggleiksutvalet i transportarbeidarforeininga lokalt, og køyrer bussen med politikarane.

Det er eit par månader sidan han inviterte bystyret i Haugesund med på busstur rundt i byen, for å sjå på problema med høge fartsdumpar, og parkering.

– For oss er det ikkje særleg humoristisk når folk skrik bak i bussen, når dei blir hivne over ein fartsdump, seier Nordskog, som meiner at fartsdumpane i byen er alt for store.

Politikarane vil handla

Og politikarane frå dei fleste politiske parti tok til orde for å gi bussjåførane sine støtte, etter å ha opplevd veldig humpete vegar i Haugesund.

Både Arne-Christian Mohn (Ap) og May Britt Vihovde (V) er klare på at noko må gjerast.

– Eg har særleg reagert på apoteket utanfor Strandgata, det stod parkerte bilar som gjorde at bussen ikkje kom fram, seier Mohn.

– Me får oppleva det me eigentleg også visste frå før, fartsdumpane i Haugesund er veldig ulikt dimensjonert. Det er klart at denne bussturen gav oss ei aha-oppleving over korleis dette eigentleg er, seier Vihovde.

Ordførar Petter Steen tok i bystyret i går kveld initiativ til å samarbeida breitt om å få til ei betre løysning for bussjåførane i kommunen.

– Bystyret ber rådmannen om ei sak, der me får kartlagd kostnader og framdriftsplan for omlegging frå fartsdumpar til andre løysingar som bussjåførane vil ha.

Dette er godt nytt meiner Nordskog.

– Det trur eg kan bli veldig bra, eg håper også at politikarane i bussen her går til oss fagfolk, dersom det er noko dei lurer på. Så kan me få til svært gode løysningar.