Hopp til innhold

Her er det siste bilete av Monica

Bror til Monica Barstad (26) håper dette bilete kan vera til hjelp i leitinga etter den sakna søstera hans. Han er svært misnøgd med jobben det lokale politiet har gjort i saka.

Monica Barstad

Dette bilete blei lagt ut på Facebook fire dagar før Monica Barstad frå Sandnes blei meldt sakna i Hellas.

Foto: Privat

– Det siste me kjenner til er at ein taxisjåfør køyrde ho til flyplassen i Aten på fredag, og at ho ikkje nådde flyet, seier Runar Barstad Egeland, bror til Monica Barstad (26) frå Hommersåk i Sandnes, som er sakna i Hellas.

– Det var noko som ikkje stemde

Han seier at familien oppfatta ho som litt uvanleg dei siste dagane dei var i kontakt med ho på telefon.

– Dei siste dagane merka me på ho at det var noko som ikkje stemde heilt. Ho verka litt redd, men me har førebels inga aning om kva dette dreier seg om, seier han.

Monica Barstad jobbar som flyvertinne for Norwegian, og reiste til Hellas saman med ei veninne 26. mai, ifølgje VG. Veninna reiste heim, men Monica skulle vera att eit par dagar til.

Den 4. juni blei det siste bilete av ho lagt ut på Facebook, fire dagar seinare blei ho meldt sakna. Bilete er tatt på ein restaurant i Santorini i Hellas.

Mange involverer seg

– Me har vore i kontakt med mannen ho er saman med på bilete, men han veit ingenting om kva som har skjedd vidare med Monica, seier Barstad Egeland.

Han har etterlyst søstera på sosiale medium, og håper på respons frå nokon som veit noko om forsvinninga.

– Eg har framleis ikkje fått konkrete tips, men eg ser at det blir delt vanvitig mykje. Det betyr svært mykje for meg og for familien min.

Far til Monica har reist ned til Hellas for å sjølv leita etter dottera.

– Både faren og sambuaren til Monica har reist ned for å gjera det dei kan. Dei vil prøva å hjelpe lokalt politi, og prøva å ta tak i trådar som kan dukka opp undervegs.

Kritisk til politiet

– Kva tenker familien om den jobben politiet har gjort?

– Me er utruleg skuffa over innsatsen dei så langt har vist. Laurdag kveld melde me ho skriftleg sakna, og fekk beskjed om at me skulle inn til avhøyr sundag føremiddag. På sundag ringde politiet oss og sa at dei ikkje hadde tid likevel og at saka blei flytta Sandnes måndag morgon, seier Barstad Egeland.

Han hevdar vidare at ingen i familien har høyrt noko frå det lokale politiet etter dette.

– Kva tenker du om dette?

– Det er horribelt at det skal gå to døgn før ho blir meldt sakna internasjonalt. Dette er mykje tapt tid. Fram til etterlysinga nådde fram til Hellas i dag kunne ikkje det lokale politiet der nede gjera noko.

– Kva treng de frå politiet?

– Info om kor den siste SMS-en blei sendt frå, info om ho har brukt bankkortet sitt, eller reist på eit anna fly, seier broren.

Han roser likevel jobben UD og ambassaden har gjort dei siste timane.

– Dei har gitt oss tilbakemeldingar heile tida, og tar saka svært alvorleg, seier han.

Jourhavande politijurist i Rogaland, Jarle Hognestad, kan ikkje kommentera kritikken før han får sjekka opp dei faktiske forhold i saka. Han stadfestar likevel til NRK.no at politiet i Sandnes måndag ettermiddag sende ut ei etterlysing i heile Schengen-området.

Etterforskningsleiar Odd Olav Reisæter ved Sandnes politistasjon, seier til Aftenbladet at dei tar kritikken til etterretning.

– Det er ikkje uvanleg at folk blir meldt sakna. Eg registrerer kritikken, og me får i ettertid vurdera om me burde ha reagert raskare, seier Reisæter.

Runar Barstad Egeland reagerer på måten politiet i Rogaland har handsama søstera si forsvinning på.

Video: Runar Barstad Egeland reagerer på måten politiet i Rogaland har handsama søstera si forsvinning på.