Her varmar Arsenal opp til kveldens kamp

Arsenal-stjernene varma opp til treningskampen mot Viking med frisk luft og lett jogg på Solastranda.

Arsenal på Sola
Foto: Bjørn Pedersen / NRK

Det var Bjørg Pedersen og sonen Bjørn Pedersen som tipsa NRK om at stjernespelarar som Alexis Sánchez og Aaron Ramsey var på Solastranda i dag.

Dei skulle reisa til Klepp frå Stavanger då dei oppdaga at det var svært mange personar i like joggedressar var samla på Solastranda.

– Me såg dei kom på rekke og rad, nokon hadde dress på seg. Vanlegvis tek sonen min bilete av fly, men nå snudde han kameraet mot stranda for å ta bilete av spelarane, fortel Bjørg Pedersen.

Ho fortel at ho fiska ut kulepenn og papir frå hanskerommet i håp om å få autografar.

– Dei hadde fleire livvakter med seg, så me forstod raskt at me ikkje kom nært innpå dei, fortel ho.

Det er klokka 20.30 i kveld Arsenal skal spela mot Viking.

London-klubben skal stilla med denne troppen på Viking stadion: Cech, Ospina, Martinez, Debuchy, Monreal, Holding, Bellerin, Chambers, Gabriel, Gibbs, Coquelin, Bielik, Elneny, Ramsey, Iwobi, Xhaka, Cazorla, Zelalem, Reine-Aelaide, Walcott, Oxlade-Chamberlain, Willock, Alexis, Campbell, Akpom.