Hopp til innhold

Drepne då militæret opna eld

Victor Sneberg frå Sandnes og Alf Vik frå Grimstad og Austrheim blei truleg drepne då den algeriske hæren opna eld mot terroristane 17. januar i år. Det kom fram under framlegginga av In Amenas-rapporten i dag.

Frå Statoil sin rapport

Torsdag 17. januar i år prøvde gisseltakarane i In Aménas å koma seg ut med fleire gissel. Militæret gjekk til åtak på bilane som var på veg ut, og truleg mista 26 uskuldige menneske livet. Bilete syner dei ulike bilane.

Foto: Statoil

Statoil legger frem In Amenas-rapport

F.v.: Konsernsjef i Statoil Helge Lund, granskningsleiar Torgeir Hagen og styreleiar Svein Rennemo under presentasjonen av granskingsrapporten etter terrorangrepet mot In Aménas i Algerie på ein pressekonferanse i Statoils lokale på Fornebu torsdag.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Torsdag blei granskingsrapporten etter angrepet på Statoil sitt anlegg i In Aménas i Algerie presentert i Statoil sine lokale på Fornebu i Oslo.

Her konkluderer Statoil sine eksterne granskarar at dei samla indre og ytre tryggingstiltaka svikta i angrepet der i alt 40 uskuldige menneske frå ti ulike land mista livet. Fem av dei var norske Statoil-arbeidarar.

Hendingsgangen er kartlagt

Granskingsgruppa har i arbeidet sitt også kartlagt det dei meiner er hendingsgangen under angrepet som gjekk føre seg i fire dagar.

Granskningsleiar, Torgeir Hagen, kunne under pressekonferansen i dag fortelja at dei reknar med at Tore Bech, Hans M. Bjone og Thomas Snekkevik truleg mista livet sitt mot slutten av angrepet, då terroristane sprengde bomber ved eit produksjonsanlegg.

Granskingsgruppa trur Victor Sneberg frå Sandnes og Alf Vik frå Grimstad mista livet sitt i hendinga som kosta flest menneskeliv, då algerisk militær opna eld mot terroristane.

Bilkonvoi

Det var dagen etter terroristane hadde tatt seg inn i gassanlegget, dei prøvde å koma seg ut med seks bilar, som dei hadde fylla opp med gissel.

Å få gissel ut frå anlegget og over landegrensa skal ifølgje rapporten ha vore eit av hovudmåla til terroristane for heile aksjonen. Dette i tillegg til å sprenga heile anlegget i lufta.

Då bilkonvoien med gisseltakarar og gissel var på veg ut av anlegget opna det algeriske militæret eld frå bakken og med helikopter frå lufta. Terroristane utløyste truleg eksplosiv som dei hadde i køyretøya.

– Det er framleis ein del spørsmål me ikkje har fått svar på om bilkonvoien, men mykje tyder på at norske Victor Sneberg og Alf Vik blei drepne i dette angrepet, sa Torgeir Hagen under dagens pressekonferanse.

Han sa også at pågåande etterforskingar truleg vil gje meir svar på kva som skjedde i dette angrepet, når dei blir avslutta.

Flest drepne

Ingen gisseltakarar blei att i bustadområdet då bilkonvoien reiste der frå. Dermed kunne det algeriske militæret ta kontroll på denne delen av anlegget etter angrepet.

Det er i bilkonvoien ein reknar med at flest gissel blei drepne.

I rapporten oppsummerer dei at to blei drepne i angrepet mot bussen, fem blei drepne i bustadområdet, sju i produksjonsområdet og 26 i bilkonvoien.