NRK Meny
Normal

Her bygger dei ned mest matjord i landet

Matjord tilsvarande 1700 fotballbaner har blitt bygd ned i Rogaland dei siste ti åra. Nå vil fylkesordføraren sette ei grense.

Jærstrendene frå lufta

Dei siste ti åra har 12 000 mål matjord forsvunne under betong og asfalt i Rogaland, det meste har skjedd her på Jæren.

Foto: Jonny Engelsvoll

Rogaland toppar landsstatistikken for nedbygging av dyrka mark, til næring, bygg og veganlegg.

Dei siste ti åra har 12 000 mål matjord forsvunne under betong og asfalt. Det er det same som 1700 fotballbanar. Mest matjord har forsvunne på Jæren.

Frå dyrka mark til asfalt

Eitt av områda på Jæren der mykje matjord har forsvunne dei siste åra, er Håland industriområde, sør for Bryne.

– Her er det fjellmassar som har blitt lagt utover høgproduktiv matjord, seier Jon Lea, leiar i Jordvernforeininga i Rogaland.

Han ser ut over industriområdet på Håland. Det som for få år sidan var dyrka mark, har no blitt til parkeringsplassar og fundament for næringsbygg. Han er uroa for at meir matjord vil gå tapt i åra som kjem.

– Den største utfordringa nå er samferdselsårene som er på veg ned i matfatet. Dobbeltspor, E39, og firefelts motorveg på riksvegen, seier Lea.

Jon Lea

Leiar i Jordvernforeininga i Rogaland, Jon Lea, på industriområdet på Håland.

Foto: Kees André Z. Fjellvang / NRK

Vil ha ei grense for nedbygging

I desember i fjor gjekk Stortinget inn for å sette ei grense på 4000 mål i året, for omdisponering av matjord. Målet må gradvis nåast innan 2020.

Og på ein landbrukskonferanse i regi av Fylkesmannen i dag tok også fylkesordføraren i Rogaland til orde for å avgrense bruken av matjord. Ho vil sette eit øvre årleg jordvernmål, som er lågare enn det nedbygginga utgjer i dag.

Solveig Ege Tengesdal

Fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal, vil ha ei øvre grense for kor mykje matjord som kan omdisponerast i løpet av eit år.

Foto: Erik Waage / NRK

– Me må i alle fall ha Stortinget sitt skjerpa krav som utgangspunkt, og sette oss eit mål ut ifrå det, og sjå kva som er mogleg å få til, seier fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal.

Vil ha meir enn berre festtalar

Det er industri og næringsparkar som tar mest av matjorda. 33 prosent forsvinn i slike utbyggingar. Deretter bustadutbygging, veg og transportanlegg.

Jon Lea i Jordvernforeninga har opplevd å bli skuffa så mange gonger, at han ikkje tar nokon siger på forskott. Men han har sans for forslaget frå fylkesordføraren.

– Det er bra at politikarane legg jordvern i botn når dei tenkjer utvikling. Me får håpa at det ikkje berre blir den vanlege festtalen, seier Lea.