Her blir hotellet tømt for inventar

Norsk Folkehjelp fekk inn meir enn 400.000 kroner på å selja ut inventaret frå Hotel Atlantic i Stavanger. For hotellet sin del kan totalrenoveringa nå starta.

Stavanger-hotellet skal gjennomgå totalrenovering og la derfor ut alt inventaret for sal.
Radisson Blu Atlantic Hotel

I 1952, lenge før oljerikdommen flauma inn over byen opna Hotel Atlantic. Og med gode tider blei det bygd på med nattklubb, liv og røre i hotellet ved Breiavatnet.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Totalt så har me fått inn 423.723 kroner. Dette er pengar som vil koma særs godt med, og som me er veldig takksame for, seier Rune Søyland i Norsk Folkehjelp.

Dei har i dag gjennomført det høgst uvanlege oppdraget med å selja ut inventaret til Hotell Atlantic midt i Stavanger sentrum. Noko dei har lagt ned meir enn 500 dugnadstimar i.

Hotellet skal pussa opp, og i staden for å kasta møbel, minibarar, glas og servise så gav dei heller alt til Norsk Folkehehjelp.

300 mann i kø

– Salet har gått svært bra. Allereie før me opna stod det om lag 300 mann på utsida, fortel logistikk-ansvarleg i Norsk Folkehjelp, Arne Alsvik.

Og det var ikkje tvil om kva som var mest populært.

– Det er Chesterfield-møbla. Eg har hatt ute annonse på Finn i tre månader utan å finna dei rette møbla. Med desse møbla stemde alt. Fargen, kvaliteten og prisen, seier Patrick Lunde.

Hotell Atlantic solgte alle møblene

Her er Patrick Lunde sin nye chesterfield-stol.

Foto: Anders Fehn / NRK
Hotell la ut møbler for salg

LOGISTIKK: Arne Alsvik frå Norsk Folkehjelp var ansvarleg for logistikken under salet i dag. Ikkje ei enkel oppgåve då det kom svære bilar inn til sentrum som skulle frakta møbel og bord.

Foto: Anders Fehn / NRK

Lokalhistorie

Både han og fleire av dei andre gjestane fekk også ei kjensle av at dei plukka med seg noko av lokalhistoria til Stavanger.

– Det er veldig bra at dei har gjort det på denne måten, Atlantic er jo nærmast ein institusjon som har eksistert i lange tider, så det er litt kult å få med seg noko av det heim, seier Frode Larsen, som var litt for seint ute til å gjera dei store kuppa.

Når mykje av inventaret nå er vekke kan arbeidet starta med å totalrenovera hotellet.

Hotell la ut møbler for salg

Mange ville ha med seg litt lokalhistorie frå Stavanger.

Foto: Anders Fehn / NRK