Hopp til innhold

Tilfeldig student fekk kongeleg mottaking

Her blir førstegongsstudenten Hanna Skjetne Berg frå Trøndelag overrumpla med ein velkomst ho seint vil gløyma.

Her blir førstegongsstudenten Hanna Skjetne Berg frå Trøndelag overrumpla med ein velkomst ho seint vil gløyma.

Her er ei overraska Hanna Skjetne Berg saman med ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø.

– Det er absolutt ein veldig hyggeleg velkomst. Dette hadde eg ikkje forventa, seier Hanna Skjetne Berg etter ho har blitt motteken som ein konge på Stavanger lufthamn Sola i dag.

Overskygga Rosenborg

Ho kjem for å studera sjukepleie ved Universitetet i Stavanger, og blei altså ufrivillig del av universitetet sitt PR-stunt der tre studentar blei tekne i mot med orkester som spelte opp, ballongar, ordførar, svær billboard-plakat og så vidare.

Før Hanna kom heile Rosenborg-laget ut av det same flyet, dei skal spela kamp mot Viking i kveld.

– Eg trudde pressekorpset var her på grunn av dei, men så var det meg. I dag overskygga eg Rosenborg, seier ho og ler.

Vil at studentane skal bli att i Stavanger

– For oss er dei store stjerner. Me ønsker å ta imot alle dei 4000 nye studentane på ein særskild og god måte, når me nå plukkar ut nokre få er dette eigentleg ein gest for alle studentane, seier rektor ved UiS, Marit Boyesen.

Og ifølgje Skjetne Berg så fungerte det.

– Dette sender eit klart signal om at dei er veldig ivrige på å ha oss her. Det er godt å vita at me ikkje står heilt åleine som nye i byen.

Ordførar, Christine Sagen Helgø, var også med på mottakinga.

– Undersøkingar viser at me har ein veg å gå for å bli ein endå betre studentby. Så håper me også at dei blir i Stavanger når studiet er ferdig, me vil gjerne ha Hanna Skjetne Berg her som sjukepleiar, seier ho.