Hopp til innhold

Her blir gravfølget møtt med pipekonsert

– Dette er ein uverdig situasjon, seier Njaal Fykse. Dei fleste nye kyrkjer i Noreg blir bygd utan gravplass.

VIDEO: NRK blei med då dei pensjonerte frivillige trafikkvaktene stoppar den ordinære trafikken medan gravfølget passerer.

Det blir fort høg temperatur ute i trafikken ved Frøyland og Orstad kyrkje på Jæren etter det har vore gravferd. Mindre enn to minutt etter at trafikkvakt Årstein Orstad har stoppa den første bilen, er tutinga i full gang.

50 meter lengre vekke passerer pårørande som er i sorg.

– Hol i hovudet

Den eine bilisten går ut av bilen. Ho spør kva rett Orstad har til å gjera dette. Han forklarer at dei har løyve frå lensmannen. Ho meiner at det ikkje er haldbart.

– Det er jo litt hol i hovudet, men det er ikkje lett, seier Orstad til NRK om situasjonen etterpå.

Det er ikkje sikkert at dei sinte bilistane veit at det var eit gravfølge som passerte. Likevel er det beklageleg at eit gravfølge opplever å bli tuta på, meiner Njaal Fykse frå kyrkjelyden.

– Det er klart at dette er ein uverdig situasjon, og ei belastning for dei pårørande, seier han.

Nye kyrkjer utan gravplass

Kyrkja deira er på lik linje med brorparten av alle nye kyrkjer i Noreg bygd utan gravplass.

Det er heile sju kilometer til nærmaste kyrkje der dei kan senka ei kiste i jorda. Det vil seia at gravfølger gjennom trafikkerte vegar og kryss er fast på menyen.

Trafikkvakt Årstein Orstad

PIPEKONSERT: Som trafikkvakt for gravfølger har Årstein Orstad møtt fleire sinte bilistar.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Derfor har fleire i kyrkjelyden engasjert seg for å få eigen gravplass rett utanfor kyrkja deira.

– Skal alle kyrkjer ha gravplass?

Det som gjer denne saka ekstra spesiell er at kommunen i 2009 kjøpte inn ti dekar jord til dette formålet, men ingenting skjer.

– Det er heilt ufatteleg at kommunen kan bruka så lang tid, seier Orstad, som har jobben med å roa ned sinte bilistar.

Men i Klepp kommune gir dei ikkje håp om at det blir endringar i trafikksituasjonen med det første. Kanskje får bygda med til og med aldri.

Ein av grunnane er at det ligg forhistoriske minner under jorda rundt kyrkja. Dessutan skal dei i gang med utviding på den gamle gravplassen sin.

– Me må jo òg drøfta kor vidt me skal ha gravplass ved kvar kyrkje, og kor vidt det er moglegheit til det. Slik det er ved Frøyland og Orstad i dag, så er det ei avgrensa moglegheit, seier rådmann i Klepp, Torild Lende Fjermestad.

Føreslår skilting

Rådmannen synst likevel at tutinga som oppstår er uheldig, og meiner at ein kan prøva å finna måtar å opplysa bilistane på ein betre måte om at det er gravfølge som passerer.

Fykse er samd i dette, og føreslår skilting. Likevel meiner han at haldninga til rådmannen er svært skuffande.

Njaal Fykse

NÆR GRAVPLASS: Njaal Fykse leiar ei gruppe som skal for å jobba for gravplass ved Frøyland og Orstad kyrkje. I dag ligg gravplassen sju kilometer unna.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

For han handlar det også om identitet. At dei som bur i bygda skal kunne gravleggast der dei har levd og der dei har budd.

– Både meg og kona har snakka om det, og me håper at me kan gravleggjast her ein dag. Men me er redde at tida renn ut for oss, avsluttar han.

Høyr innslaget «Begrav hjartet mitt på Orstad» frå Verdibørsen (27 minutt ut i klippet):

TERJE TVEDT OG ATLE SOMMERFELDT i debatt om da Den norske kirke møtte islam. Var man mest opptatt av å hjelpe islam til å bli en norsk religion?.BEGRAV MITT HJERTE PÅ ORSTAD. På Orstad i Rogaland har de kirke, men ikke gravlund. Det vil de ha, før det er for sent.NÅR ER DET VERST Å MISTE SITT LIV?Hvordan bør vi måle et dødsfall?
Å bli begravd der ein bur er viktig for mange. Men i dag bygges dei fleste nye kirker utan gravlund. Det får konsekvensar for trafikken.

SJÅ REPORTASJEN: Få nye kyrkjer har eigen gravplass. Dermed må mange gravfølger køyre langt for å senka kista i jorda.