Hopp til innhold

Her blir folk som «Bambi på isen»

Det var vanskeleg å halda seg på beina fleire plassar i morgontimane. Spesielt for dei som ikkje var skodde for glattisen.

Svært glatt ved Universitetet i Stavanger.

VIDEO: Sjå video av folk på glattisen ved Universitetet i Stavanger tysdag morgon. På biletet får Liv Anita Ytrehus testa balansen sin.

Det var mange som brukte ekstra lang tid til jobb og skule i dag tidleg på grunn av «glattå».

Spesielt på fortau og sidevegar som ikkje var salta kunne det vera vanskeleg å ta seg fram med bil, sykkel eller til fots.

På parkeringsområdet på austsida av Universitetet i Stavanger var det nesten blank is (sjå video i ingressen).

Laster Twitter-innhold