– Me har teke NATO-tryggleiken og så har me bygd på ein god del lag med trygging på toppen av det. Så det er ekstremt stor fysisk sikring her, seier salsdirektør i Green Mountain, Petter M. Tømmeraas.
Inne i eit fjell, nede ved fjorden på Rennesøy, er det samla tusenvis av løyndomar.
Datahallen inne i fjellet er på heile 22 000 kvadrat, og den skal sikra at all elektronisk informasjon den husar, ikkje blir delt med uvedkomande.
Frå og med i dag vil informasjon om innbyggjarane i Stavanger også bli lagra her.
– Kommunane har jo veldig kritiske data for oss alle. Det er helsedata, vaksinedata, økonomisk data. Ja, det er veldig mykje som no ligg her, seier Tømmeraas.
- Meir om datalagring
- Les òg:
Trygg løysing
– Stavanger kommune er blant dei første kommunane i Europa til å ta i bruk denne type datalagring, seier leiar i administrasjonsutvalet i Stavanger, Erlend Jordal.
Han ser mange fordelar med å lagre den elektroniske informasjonen på Green Mountain.
– Me vil kunne spare pengar på lang sikt, trygge daltane våre og samtidig gjera dei endå meir tilgjengelege for dei i kommunen som skal bruke dei, seier Jordal.
Frå før har mellom anna DNB si dataavdeling tilhaldsstad inne i fjellet, men fleire kundar er også hemmelege. Spesielt er det dei utanlandske som ikkje vil at det skal bli kjent at dei held til her.
– Ein må ha kontroll på kven som går inn og ut til ei kvar tid, og fører logg på alt. Så det er eit stort system rundt dette, seier Tømmeraas.